Tonje Glimmerdal

Ei juleforestilling med fart og sjølvtillit

Tonje er på mange måtar Norge si Pippi Langstrømpe. Ho er den einaste ungen i Glimmerdalen, og den tøffaste jentungen dalen har sett, der ho herjar nedover fjellsidene på ski. No nærmar det seg jul i den vesle dalen.

Alle likar Tonje, unntatt den kyniske business-campingplass-eigaren Klaus. Han likar ikkje born i det heile teke og har innført forbod mot born på det han kallar ”Hagen-Helsecamping”. Tonje sin bestevenn er gamle Gunnvald, ein bisk felespelar på over sytti år. Dei to kjenner kvarandre ut og inn – eller gjer dei eigentleg det? Ein dag då Gunnvald er på sjukehuset med broten fot, forstår Tonje at Gunnvald har ein stor løyndom han ikkje har røpt for bestevennen sin. Brått får Tonje mangt å rydde opp i, og det blir ein kamp for å berge lykka og feletonane for verdas beste bestevenn, godt hjelpt av mottoet: 'Fart og sjølvtillit'.

Tonje er ikkje ei jente som gjev opp lett. Ho veit å ta ting i eigne hender og forvandle det vonde til noko godt. Det er ikkje gjort på ein, to, tre. Ho er snart ti år gamal, og så klok og så smart at ein skulle tru ho var hundre! Vil Tonje rekke å ordne opp i alle problema før julefreden kan senke seg?

Tonje Glimmerdal på Teatret Vårt er ei heilt ny forestilling basert på den kjende og godt likte romanen. Kjersti Sandal har skrive ein nær og stemningsrik versjon som finn stad i julehøgtida. Carina Furseth spelar Tonje Glimmerdal med varme, humor og action i denne spektakulære forestillingen. Sindre Klykken har skrive musikken, akkompagnert på fele av Brit Elise Skram, medan scenograf Dagny Drage Kleiva har trylla fram ei leiken og fantasifull verd som vil fenge og fortrylle publikum.

Maria Parr frå Vanylven i Møre og Romsdal har blitt ei superstjerne i moderne barnelitteratur, og det var gjennom boka om Tonje Glimmerdal ho fekk sitt store gjennombrot. Ein bør unne ungane sine eit besøk i Glimmerdalen!», står det i bokomtalen. Boka fekk både Kritikarprisen, Teskjekjerringprisen og Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok 2009. Maria Parr har også blitt samanlikna med Astrid Lindgren, og er i 2024 nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris for boka Oscar og eg.

Bli med på ei varm og actionfylt førjulstid i Glimmerdalen.

Kjære publikum 920x130.png






Premiere 22. november 2024

Varighet ca. 1 time

Passer for alle frå 4 år.

Av 
Maria Parr

Dramatisering og regi
Kjersti Sandal

Scenograf og kostymedesignar
Dagny Drage Kleiva

Lysdesigner
Jonas P A Fuglseth

Komponist og lyddesigner
Sindre Klykken

Musikar
Britt Elise Skram

Maskør
Maren Togstad

Medverkande
Carina Furseth, Anette Sissener Amundsen, Peder Lauvås, Lars Melsæter Rydjord

Teaterpodden_MariaParr _2_.jpg




I denne episoden fortel Maria Parr om inspirasjonen bak Tonje Glimmerdal, kvifor Tonje først heitte Tore, og korleis uttrykket «fart og sjølvtillit» blei til. Ho deler òg kvifor ho irriterer seg over barnebøker der humor berre er laga for vaksne, og kvifor det er viktig å ta barna på alvor i litteraturen.

Glimmerdalkjøttboller med fjellstappe med saft nettside.png

Kos deg med kjøttboller og stappe i Kafé Kurt fra en time før forestillinga starter. Tilbudet gjelder på utvalgte forestillinger. Sikre deg maten på forhånd for en ekstra koselig opplevelse.