Peder Lauvås har ei skodespelar-utdanning ved Westerdals Oslo Act og musikkteater-utdanning ved Bårdar Akademiet.
Han har sidan utdanninga i 2017 hatt roller ved blant anna Det Vestnorske Teatret, Nordland teater, Teater Ibsen, Kilden teater, Fyllingsdalen teater, Teater Vestland og Folketeateret. Han har òg hatt roller i fleire historiske spel, sist som Håkon i Håkon den gode og Tarve i Kinnaspelet.
Ellers har han medverka i fleire TV-serier og filmar.
Dei siste åra har Peder vore tilsett ved Teater Vestland, og medverka i framsyningar som Ragnarok08, Jenta med fyrstikkene, Peter Pan, samarbeidsprosjektet med Teatret Vårt, Torn&Rose, samt Grevinna og Hovmeisteren med Teatret Vårt sin eigen Bjørnar Lisether Teigen på regi.