Lars Melsæter Rydjord er utdanna skodespelar frå Skodespelarutdanninga ved Nordisk Institutt for Scene og Studio i 2006.

Han har tidlegare hatt roller på Det Norske Teatret, Nordland Teater og Sogn og Fjordane Teater. Han har òg hatt roller i fleire historiske spel, medverka i filmar og jobba mykje med improteater, særleg som del av gruppa ImproTent.

Lars Melsæter Rydjord er fast tilsett ved Teatret Vårt og har medverka i produksjonar som Lilla, Panikk i kulissene, Meldinger ut i rommet, Jean de France, Pusterom, Helvete er dei andre, Radio Don Quijote, Skadeskutt, Bartleby, Romeo & Julie, Virvelvind, Robin Hood, Stjernemateriale, Grevinnen og hovmesteren 0.2 og 0.6, Villanden og Olav Hesthagen feirer jul.

Våren 2023 såg vi Rydjord i rolla som Ferjemannen i publikumssuksessen Danse med skjebnen.