Carina Furseth er utdanna ved Teaterhøgskolen i Oslo (KHIO), i tillegg til å ha ein musikkteaterutdanning frå Bårdar Akademiet. Etter fullført utdanning i 2020 har Carina jobba ved Teater Vestland. Her har ho mellom anna medverka i Jenta med fyrstikkene, Gratis og uforpliktande verdivurdering, Mødrevariasjonar, Kinnaspelet, Pusterom og Torn og Rose i Eventyrland. Sistnemte er eit samarbeidsprosjekt mellom Teatret Vårt, Teater Vestland og Nordland Teater.
Carina er mot jul 2024 aktuell i Tonje Glimmerdal her ved Teatret Vårt.