Kjersti Sandal er utdanna ved Statens teaterhøgskole (1998–2001). Ho har jobba ved Den Nationale Scene, Rogaland Teater, Hålogaland Teater, Nasjonalteatret i Kabul, Afghanistan, og debuterte ved Nationaltheatret våren 2010. Kjersti har for tida permisjon frå stillinga som fast tilsett skodespelar ved Nationaltheatret, og tek oppdrag både som skodespelar og regissør her ved Teatret Vårt. Ho har mellom anna medverka i Slåttekar i himmelen, Scener frå eit ekteskap og har regi på Julekveld med Teskjekjerringa og Barselfeber.

Kjersti Sandal vann Heddaprisen 2008 i klassen beste kvinnelege skodespelar for rolla som Anna i Karl og Anna. I 2022 vart ho igjen nominert til Heddaprisen i klassen beste kvinnelege skodespelar for hovudrolla i framsyninga Scener frå eit ekteskap.