Anette Sissener Amundsen er utdanna frå Westerdals Oslo ACT (2017–2020) og frå Teaterhøgskulen ved KHiO (2020–2023).
Ho har under utdanninga medverka i ei rekkje teaterproduksjonar. I utval: Ensemble og Sæterjente i fleire Peer Gynt-framsyningar ved Gålåvatnet, Heksa i *Into the Woods* på Chateu Neuf og fleire roller i *Peter Pan* i Sommarteateret i Frognerparken.
Våren 2024 debuterte ho på Nationaltheatret i framsyninga *Besøk av gammel dame* i rolla som Othilie Ill.
Hausten 2024 var ho aktuell i *Anima* – ei nyskriven operette av Håkon Nystedt.
No aktuell i Tonje Glimmerdal.