Tonje Glimmerdal

Ei juleforestilling med fart og sjølvtillit

Tonje er på mange måtar Norge si Pippi Langstrømpe. Ho er den einaste ungen i Glimmerdalen, og den tøffaste jentungen dalen har sett, der ho herjar nedover fjellsidene på ski. No nærmar det seg jul i den vesle dalen.

Alle likar Tonje, unntatt den kyniske business-campingplass-eigaren Klaus. Han likar ikkje born i det heile teke og har innført forbod mot born på det han kallar ”Hagen-Helsecamping”. Tonje sin bestevenn er gamle Gunnvald, ein bisk felespelar på over sytti år. Dei to kjenner kvarandre ut og inn – eller gjer dei eigentleg det? Ein dag då Gunnvald er på sjukehuset med broten fot, forstår Tonje at Gunnvald har ein stor løyndom han ikkje har røpt for bestevennen sin. Brått får Tonje mangt å rydde opp i, og det blir ein kamp for å berge lykka og feletonane for verdas beste bestevenn, godt hjelpt av mottoet: 'Fart og sjølvtillit'."

Tonje er ikkje ei jente som gjev opp lett. Ho veit å ta ting i eigne hender og forvandle det vonde til noko godt. Det er ikkje gjort på ein, to, tre. Ho er snart ti år gamal, og så klok og så smart at ein skulle tru ho var hundre! Vil Tonje rekke å ordne opp i alle problema før julefreden kan senke seg?

Tonje Glimmerdal på Teatret Vårt er ei heilt ny forestilling basert på den kjende og godt likte romanen. Kjersti Sandal har skrive ein nær og stemningsrik versjon som finn stad i julehøgtida. Carina Furseth spelar Tonje Glimmerdal med varme, humor og action i denne spektakulære forestillingen. Sindre Klykken har skrive musikken, akkompagnert på fele av Brit Elise Skram, medan scenograf Dagny Drage Kleiva har trylla fram ei leiken og fantasifull verd som vil fenge og fortrylle publikum.

Maria Parr frå Vanylven i Møre og Romsdal har blitt ei superstjerne i moderne barnelitteratur, og det var gjennom boka om Tonje Glimmerdal ho fekk sitt store gjennombrot. Ein bør unne ungane sine eit besøk i Glimmerdalen!», står det i bokomtalen. Boka fekk både Kritikarprisen, Teskjekjerringprisen og Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok 2009. Maria Parr har også blitt samanlikna med Astrid Lindgren, og er i 2024 nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris for boka Oscar og eg.

Bli med på ei varm og actionfylt førjulstid i Glimmerdalen.

Kjøp billett

Premiere 22. november 2024

Varighet ca. 1 time og 15 minutt

Passer for alle frå 4 år.

Av 
Maria Parr

Dramatisering og regi
Kjersti Sandal

Scenograf og kostymedesignar
Dagny Drage Kleiva

Lysdesigner
Jonas P A Fuglseth

Komponist og musikar
Sindre Klykken

Musikar
Britt Elise Skram

Maskør
Maren Togstad

Medverkande
Carina Furseth, Anette Sissener Amundsen, Peder Lauvås, Lars Melsæter Rydjord


fredag 22.11. kl 18.00
Tonje Glimmerdal PREMIERE
Teatret Vårt, Molde
Få billetter
lørdag 23.11. kl 16.00
Tonje Glimmerdal
Teatret Vårt, Molde
tirsdag 26.11. kl 18.00
Tonje Glimmerdal
Teatret Vårt, Molde
onsdag 27.11. kl 17.30
Tonje Glimmerdal
Teatret Vårt, Molde
Utsolgt
torsdag 28.11. kl 17.30
Tonje Glimmerdal
Teatret Vårt, Molde
Utsolgt
fredag 29.11. kl 17.00
Tonje Glimmerdal
Teatret Vårt, Molde
tirsdag 3.12. kl 18.00
Tonje Glimmerdal
Teatret Vårt, Molde
Utsolgt
onsdag 4.12. kl 18.00
Tonje Glimmerdal
Teatret Vårt, Molde
Utsolgt
torsdag 5.12. kl 18.00
Tonje Glimmerdal
Teatret Vårt, Molde
lørdag 7.12. kl 12.00
Tonje Glimmerdal
Teatret Vårt, Molde
søndag 8.12. kl 12.00
Tonje Glimmerdal og Jul på Plassen
Teatret Vårt, Molde
søndag 8.12. kl 14.30
Tonje Glimmerdal og Jul på Plassen
Teatret Vårt, Molde
onsdag 11.12. kl 18.00
Tonje Glimmerdal
Teatret Vårt, Molde
torsdag 12.12. kl 18.00
Tonje Glimmerdal
Teatret Vårt, Molde
lørdag 14.12. kl 14.00
Tonje Glimmerdal
Teatret Vårt, Molde
lørdag 14.12. kl 16.00
Tonje Glimmerdal
Teatret Vårt, Molde
søndag 15.12. kl 16.00
Tonje Glimmerdal
Teatret Vårt, Molde
søndag 15.12. kl 18.00
Tonje Glimmerdal
Teatret Vårt, Molde
tirsdag 17.12. kl 18.00
Tonje Glimmerdal
Fosnavåg konserthus, Fosnavåg
onsdag 18.12. kl 18.00
Tonje Glimmerdal
Sjøborg kulturhus, Ulsteinvik
torsdag 19.12. kl 18.00
Tonje Glimmerdal
Parken kulturhus, Ålesund
Utsolgt