Forfattar Edvard Hoem si tippoldemor gjekk i 1821 til fots frå Molde til Kristiania for å utdanne seg til jordmor. Så vandra ho heim igjen, og tok imot 1000 barn gjennom femti år. No blir romanen Jordmor på jorda teater.

– Vi er glade og takknemlege for at Edvard Hoem lar oss ta i boka. Han er raus og har gitt oss fridom. Vi lagar ei framsyning vi gler oss til å spele i heile Møre og Romsdal, fortel teatersjef Kristian Lykkeslet Strømskag ved Teatret Vårt.

Skarpe karakterar og sterke relasjonar

Mandag lanserte Teatret Vårt nyheiten om at dei følgjer opp suksessframsyninga Slåttekar i himmelen frå 2020 med ei ny historie frå Edvard Hoem sin populære slektskrønike.

Jordmor på jorda er ei sterk forteljing om store dilemma og store val. Romanen har skarpe karakterar, sterke relasjonar og konflikter som egner seg til å lage godt teater. Kjerna er ei nær og viktig kvinnehistorie som er riktig å løfte fram. Den har lokal tilhørighet og like fullt eit større perspektiv som angår alle, uavhengig av tid og stad. Framsyninga svarar til våre mål om å fortelje spennande historier med høgt kunstnerisk ambisjonsnivå, uttalar teatersjef Lykkeslet Strømskag.

Lansering Jordmor på jorda
Teatersjef Kristian Lykkeslet Strømskag, forfattar Edvard Hoem, regissør Morten Borgersen og skodespelarane Kjersti Sandal og Bjørnar Lisether Teigen

Kjersti Sandal speler jordmora Marta Kristine Nesje, og Bjørnar Lisether Teigen ektemannen Hans. Vidare gir eit sterkt ensemble med Sara Fellman, Johanna Mørck, Lars Melsæter Rydjord, Vidar Sandem og Sigmund Njøs Hovind liv til menneska frå boka. Det kunstneriske laget er godt kjent for Teatret Vårt; Morten Borgersen har regi, Milja Maaria Salovaara står for scenografi kostymedesign og Henning Sommerro står for musikken. Premiera er 30. august i Molde.

Forfatteren gler seg

– Dette er gledeleg, det vart jo ein strålande suksess sist! Framsyninga skal vere eit sjølvstendig kunstverk der ein må gjere endringar på vegen, og eg har full tiltro til dei som skal gjere dette, fortel Edvard Hoem.

Romanen Jordmor på jorda er basert på historiske kilder om livet til Marta Kristine Nesje. Ho levde i ei tid der prestane jobba målretta for å rekruttere egna kvinner inn i jordmoryrket. Målet var å få ned dødelegheit hos både mor og barn. Etter å ha utdanna seg til jordmor, reiste ho rundt i distriktet for å bistå gravide og fødande.  På vegen møtte ho mykje motstand.

– Ho måtte gå til sak mot den tidas hjelpekvinner for å få rett til å utøve gjerninga. Etter kvart som dødstallene gjekk ned, begynte fleire kvinner å ønske seg jordmor ved fødsel. Slik gjekk ho frå å vere forakta og utstøtt til å bli ein bygdehelt, fortel forfattaren.

Pionér med indre konflikter

Samstundes som ho var ein pionér innan kvinnehelse, sto Marta Kristine Nesje i tøffe, personlege dilemma. For å utøve jordmoryrket måtte ho gje avkall på mykje tid saman med sine 11 barn. I tillegg vart hennar store kjærleik gjennom livet, mannen Hans, alvorleg psykisk sjuk.

– Ho sto nok i ei indre konflikt, som mange også i dag kan kjenne seg att i, med balanse mellom yrkes- og familieliv, oppsummerar forfattaren.

Framsyninga tar utgangspunkt i refleksjonar Marta Kristine Nesje gjer rundt eige liv når det går mot slutten, fortel regissør Morten Borgersen.

– Ho var kvinne i ei tid der kvinner helst skulle halde seg heime for å føde eigne barn. Ho sto i harde kampar, og historia om livet hennar er og ei tragisk kjærleikshistorie, som vi følgjer frå ho møtte mannen sin som åtteåring til han vart alvorleg sjuk og døydde.

Regissøren er svært nøgd med det kunstnariske teamet han har med seg i arbeidet med Jordmor på jorda.

– Kjersti Sandal var den første eg tenkte på då eg las boka. Vi har tidlegare jobba saman på Den Nasjonale Scene. Ho blir fantastisk i hovudrolla, seier Morten Borgersen.

Vil løfte fram dei kvinnelege erfaringane

Skodespelar Kjersti Sandal seier ho er imponert over Marta Kristine Nesje, og takksam for å få spele henne. Ho meiner det er viktig å løfte fram dei kvinnelege erfaringane på teaterscena.

– Sjølv no, 200 år etter at Marta Kristine vandra til Oslo, er alt som skjer rundt fødsel eit lukka rom. Det er så viktig å løfte det fram. Eg er glad for å få vere med på å gi kvinner si kroppshistorie ein plass i offentlegheiten og teaterhistoria, seier ho.