Sara Fellman er fast tilsett skodespelar ved Teatret Vårt. Sara har skodespelarutdanning frå Nordisk institutt for Scene og Studio. Etter fullført utdanning i 2006, har ho arbeidd med ei rekke teaterkompani og frigrupper, jobba med dubbing og etter kvart song. Ho har drive eige teaterkompani med fleire produksjonar for både barn og vaksne, og er også klovn i Sykehusklovnene og Klokkeklovnene. I 2015 var ho student ved Subbody Butoh School i Himalaya, der ho studerte den japanske danseforma butoh. Ho har vore i ensemblet ved Grusomhetens Teater i Oslo sidan 2013.
Ho debuterte hos Teatret Vårt i Liv Strömquist tenker på deg, og har sidan spelt i bl.a. [tilnærma lik], Brevduene, Helvete er dei andre, Radio Don Quijote, Maratondansen, Sporvogn til begjær, Barselfeber, Villanden og Julekveld med Teskjekjerringa. Våren 2020 spelar ho Gjertine i Slåttekar i himmelen av Edvard Hoem og vann i 2022 Heddaprisen for beste kvinnelege skodespelar for rolla som Gjertine.