Edvard Hoems tippoldemor, Marta Kristine Nesje, gjekk i 1821 den lange vegen frå Romsdal til Christiania for å bli jordmor, medan tre barn og mannen hennar, Hans Nesje, venta på henne heime. Etter ni månader på jordmorskule gjekk ho heim igjen, og var i livets teneste i meir enn femti år.
Ut ifrå få historiske fakta skriv Edvard Hoem fram livet i bygdene ved Romsdalsfjorden med stor dikterisk kraft. Jordmor på jorda er eit livsdrama og eit mektig kvinneportrett om husmannsdottera som nekta å bøye seg for bygdesnakket. Ei historie om kvinnesak og likestilling femti år før det vart ei politisk kampsak. I sentrum står jordmoras kamp mot skepsis og overtru, hennar stadig aukande ungeflokk og den traumatiserte ektemannen.
Marta Kristine og Hans Nesje er opphav til den store etterslekta vi møtte i suksessframsyninga Slåttekar i himmelen, som Teatret Vårt tok til scena saman med Det Norske Teatret i 2020. Teatret Vårt følger denne hausten opp med ei ny storslått teaterframsyning basert på romanen Jordmor på jorda.
Marta Kristine visste kven ho var. Ho stod støtt både når mistrua mot henne som jordmor var sterk, og då mannen fekk utfordringar som var for store for han å bera. Livet hennar som jordmor er ein nær del av vår kulturhistorie.
Jordmor på jorda er ikkje berre ei framsyning om framveksten av det viktige jordmoryrket, men òg ei påminning om at lykka og tragedien bur nær kvarandre, og at den store kjærleiken kan bli ei tyngande bør.
Les meir om framsyninga og kjøpt billettar på Det norske teatret
Pressa om Jordmor på jorda:
Stykket har blitt en fascinerende livsreise som makter å fange mye av bokens essens. Livet leves nå og alt vi kan gjøre er i grunnen å få det beste ut av det.
Sandals tilstedeværelse er imponerende. Hun bærer forestillingen, godt hjulpet av et meget solid ensemble.
Sara Fellman er Ingeborg, samt en rekke andre mindre roller. Hun makter å få fram datterens ambivalente forhold til sin mor... Fellman makter å få fram Ingeborgs dilemma på imponerende vis.
De beste øyeblikkene er samtalene med Stina, spesielt når han åpner seg om krigstraumene. Da er stilheten mellom replikkene til å ta og føle på. Romsdals Budstikke
...
Jordmor på jorda er eit særs velspelt monument over jordmoryrket, og samstundes eit illustrerande stykke norgeshistorie.
Eit mektig kvinneportrett, og eit monument over jordmoryrket. Klassekampen
...
God mottakelse for Jordmor på jorda Moldepuls
Premiere 30. august 2024
Varighet ca. 2 timar og 45 minutt
Av
Edvard Hoem
Dramatisert av
Morten Borgersen og Kristian Lykkeslet Strømskag
Regissør
Morten Borgersen
Scenograf og kostymedesignar
Milja Salovaara
Komponist
Henning Sommerro
Koreografi-veileder
Stian Danielsen
Lysdesignar
Geir Hovland
Med
Kjersti Sandal, Bjørnar Lisether Teigen, Sara Fellman/Anette Sissener Amundsen, Vidar Sandem, Vivi Sunde, Lars Melsæter Rydjord, Sigmund Njøs Hovind
Musikere
Marit Aspås, cello
Henning Sommerro klaver og harmonium
Musikken er tatt opp av Jo Ranheim, Øra studio i Trondheim
PODKAST
Vi har hatt gleda av å snakke med Edvard Hoem, som deler den fascinerande historia om tippoldemora si, Marta Kristine