Kjære publikum

Kristian Lykkeslet Strømskag bilde til program.jpg
Teatersjef Kristian Lykkeslet Strømskag

Hjarteleg velkomen til Teatret Vårt og til framsyninga Jordmor på jorda.

Stykket byggjer på ein roman av Edvard Hoem med same namn og kretsar rundt både det praktiske og det mirakuløse med å setje nytt liv til verda. Boka er òg ei forteljing om ei kvinne som følgjer kallet sitt og kjempar for overtydinga si, trass mykje motstand. Rundt henne står ein familie som vert ramma av større utfordringar enn det den toler. Edvard Hoem har ei unik evne til å skrive fram menneskeskjebnar som er fleirsidige og samansette, og som i samspel og kamp med dei nærmaste avdekkjer gode og mindre gode sider i mennesket. Det er eit godt utgangspunkt for teatret.

Regissør Morten Borgersen, scenograf og kostymedesignar Milja Salovaara, lysdesignar Geir Hovland og komponist Henning Sommerro kjenner Møre og Romsdal godt. Dei har arbeidd ved Teatret Vårt ved fleire høve. Med erfaring, mot og leik har dei gått laus på oppgåva med å gi liv til romanen på scena. Dei har laga ei gjennomkomponert framsyning der elementa frå kvar av dei ulike går opp i ein heilskap. Det er vakkert og rått, skarpt og tett, levande og gjenkjenneleg.

Framsyninga Jordmor på jorda er eit nytt verk som ved hjelp av alle teaterets verkemiddel lèt oss kome endå nærare og på innsida av karakterane sine livsløp. Å dramatisere handlar om å gi ei historie eit nytt grep, ei ny tolking og ei ny form. Teatret kan fortelje historier som ikkje er fortalde før ved å styrkje forteljarperspektivet og la vårt blikk i dag leite fram krafta i historia til å bli fortalt på nytt.

Jordmor på jorda handlar om mot, uthaldenheit og kjærleik til livet, og om den krafta som ligg i å ta imot det nye og ukjende med opne armar. Det er òg ei historie om nederlag, tap og botnlaus sorg. Og om å reise seg att, om å kome tilbake og om å stå i livet.

«Livets reknestykke går aldri heilt opp. Men den som bøyer av for motstand, svik sitt kall. Å vise styrke tar eit år. Å bli audmjuk tar eit liv. Å sigre tar eit liv. Når sigeren er vunnen, er livet forbi. Men det at ein sigra, var det ikkje det som var livet?» seier jordmora Marta Kristine på slutten av livet.

Vi håpar at denne framsyninga vil røre ved dykk, at ho vil gi dykk nye perspektiv på fortida vår og eit innblikk i eit menneske som kjempa ein viktig kamp som var større enn ho sjølv.

Velkomen, og god fornøyelse!

Kristian Lykkeslet Strømskag

teatersjef

Å stå i livets tenester

Morten Borgersen, regissør

Morten Borgersen kvadrat.jpg
Morten Borgersen

Dette er ei historie om eit heilt og levd liv. Eit rikt kvinneportrett om Marta Kristine Nesje, eller Jordmor-Stina, som ho blei kalla, som følgjer si eiga vilje, i ei tid der det ikkje er vanleg for kvinner. Det var Edvard Hoems tippoldemor som gjekk frå Romsdal til Kristiania for å bli jordmor, i 1821, medan mann og barn venta heime. Etter ni månader på jordmorskule går ho heim att og står i livets teneste i meir enn femti år for alle andre sine barn. Elleve barn får ho sjølv. Kanskje var ho meir oppteken av barna ho var jordmor for enn av sine eigne? Kanskje strekte ikkje tida til?  

Det er òg ei unik kjærleikshistorie mellom to menneske, Marta Kristine og Hans, som er sterkt knytte til kvarandre frå barnsbein av, men eit liv blir ikkje alltid slik ein har tenkt seg.  

Hoems forteljing er òg ei skildring av historie og natur frå Romsdalen. Menneska er så små i forhold til naturkreftene. Vêret trengde seg på i liva deira og skapte endringar og utfordringar. Dei levde tett på myter. Eit kvinnehovud på ein stake. Skogen til dei underjordiske. Varsel og teikn: kyr med to hovud, og kvinner som vart galne. Ein nærleik til liv og død, som noko naturleg, men krevjande. Dei erotiske kjenslene og kreftene, meir skjult enn i vår tid, men kanskje endå sterkare av den grunn.  

I teaterversjonen ser Marta Kristine tilbake på livet sitt saman med sitt første barn, dottera Ingeborg. Kva kunne vore gjort annleis, eller kanskje kunne ikkje livet hennar vore på nokon annan måte? Ble det slik ho trudde, og var det verdt det? Ho prøver å forstå si eiga historie. Slik ho hugsar, eller slik ho trur ho hugsar. Slik minner og erindringar av og til spelar oss eit puss.  

Sjølv om det er ei lokalhistorie frå Romsdalen, er det like mykje ei universell historie, som òg kunne ha utspela seg andre stader.  

Kvifor lage teater av dette no?  
Ei historie frå 1800-talet, og ei bestseljarbok frå 2008 som mange har lese og som framleis kan lesast. Kva kan teateret gjere med historia som ikkje boka gjer? Å dramatisere betyr å gjere noko meir dramatisk eller teatralt. Forsterke element, velje nokre fokuspunkt framfor andre for å skape meir spenning eller forsterke kjensler ettersom all dramatikk handlar om motsetningar, i forhold til ein roman som kan vere episk forteljande. Vi har måtte finne vårt eige forteljargrep, og utforske det visuelle og teatralt, gjennom tekst, scenografi, lys, musikk og koreografi og med skodespelarane i sentrum. Å lage eit teater for første gong av eit stoff som ingen har gjort før, er ein annleis prosess, både spanande og utfordrande.  

Marta Kristine er ei kvinne som står opp mot si tid. Gjer vi menneske i dag det, eller tilpassar vi oss og går inn i gamle mønster? Menneska i denne historia har sine utfordringar. Svolt og fattigdom, i arbeid og relasjonar, med liv og død. Dei må stå i det og ta utfordringane. I dag er ikkje slikt like sjølvsagt, fordi vi ofte ikkje orkar å bli stilt krav til.  

Vi forstår ikkje at eit liv består av utfordringar som vi må løyse og lære noko av. Difor er det viktig å ha forståing av fortida for å kunne leve i samtida. Kva er felles, kva er nytt, kva har vi mista, og kva kan vi lære?  

Det er fint å vere tilbake på Teatret Vårt, der eg var skodespelar frå 1978-83 under allmøtetida, og blei den første teatersjefen her frå 1991-97. Det har blitt eit langt liv i norsk teater sidan 1970-talet, som skodespelar, teatersjef og regissør. Dersom eg skal la meg inspirere av Marta Kristine, så tenkjer eg at drivkrafta mi med teater er å forsøke å vere i livets teneste.

«Jordmor-Stina», Marta Kristine – livsrammer og familie

Av Randi Kristin Strand

Marta Kristine Andersdatter kjem til verda i 1793 på garden Gjermundnes. Foreldra er Anders Knutsen og Karen Andersdatter.

Familien flyttar til Flovika i 1800. Dei kjøper kårhuset på garden og leiger seg grunn i det gamle tunet nede ved sjøen. I 1811 bygslar foreldra eit øydeliggjande gardsbruk på nabogarden Sør-Nesje av soknepresten i Bolsøy, det som i dag vert kalla B-garden. På bruket set dei opp fjøs og løe under same tak og eit naust, men dei flyttar ikkje dit. Familien held fram med å bu på husmannsplassen på Flovik.

Marta Kristine veks opp og giftar seg med korporal Hans Olsen i 1817. Hans er yngste son i ein stor søskenflokk, og har dermed inga von om å få overta garden etter foreldra. Det er den eldste broren som får garden, og etter det som er skrive om Ole Olsen i ettertid, var han ein storkar i bygda. Som nygifte bur Marta Kristine og Hans som innerstar på Sør-Nesje. Her kjem også dei to eldste barna deira til verda.

I 1818 kjem far til Marta Kristine det unge paret til hjelp. Anders dreg til soknepresten i Bolsøy og får ordna det slik at dei får leige eit jordstykke på det gardsbruket han sjølv bygslar og driv på Sør-Nesje. Plassen ligg oppe ved Blåhammaren. Hans og Marta Kristine må utføre husmannsarbeid for Anders og betale han ei årleg leige på 48 skilling. Dei får lov til å sette opp eit hus, og sidan hustømmeret ikkje blir teke av skogen på garden, blir huset deira 
eigedom. Dei får også lov til å bruke utmarka til beite. Familien flyttar inn i huset ved Blåhammaren i 1819.

Hans og Marta Kristine er plassbrukarar fram til byrjinga av 1830-talet. Då dreg Anders og Karen på åra, og det er naturleg at ungfolket overtek drifta av gardsbruket. Med dette skifter Hans status frå «Pladsmand» til «Gaardmand». 

Marta Kristine arbeider som jordmor og får ti barn saman med Hans. I tillegg har ho ei dotter ho fekk før dei gifta seg.

I 1840 blir ho enkje. Nokre år etter, i 1853, kjøper Marta Kristine gardsbruket ho driv på Sør-Nesje og blir med dette sjølveigar. Ho driv garden 
vidare i sju år, men i 1860 skøyter ho han over på sonen, Ole Hansen. Ole byggjer då nytt hus på garden, medan Marta Kristine blir buande i huset ved Blåhammaren på kår. Marta Kristine døyr i 1877.

Teksten byggjer på primærkjelder frå research til Edvard Hoem, Jordmor på jorda. Huset under Blåhammaren, Oslo 2018.


Familien til Marta Kristine og Hans:

Marta Kristine Andersdatter, fødd 1793, død 1877, gift i 1817 med Hans Olsen, fødd, 1790, død 1840. Marta Kristine var frå Gjermundnes, dotter til Anders Knutsen og Karen Andersdatter. Hans var frå Sør-Nesje, son til Ole Olsen og Kari Pedersdatter.

Før ho gifta seg fekk Marta Kristine:
1) Ingeborg f. 1814 d. 1890.
Ugift busett på Nesje.
Far til Ingeborg var Knut Hansen frå Sør-Nesje.

Barn i ekteskapet med Hans:
2) Karen f. 1817 d. 1817.

3) Karen f. 1818 d. 1892 gift i 1851 med Arnt Olsen frå Fuglsetneset under Fuglset i Bolsøy f. 1813 d. 1900. Dei busette seg på ein husmannsplass i Rekneslia, under Reknes i Bolsøy.

4) Knut f. 1820 d. 1828.

5) Karen f. 1823 d. 1902 gift i 1857 med Kristian Andreassen f. 1830 d. 1920 frå Eidem i Fræna. Dei busette seg på «Kristiansplassen» under Bjørset i Bolsøy.

6) Ingeborg f. 1825 d. 1874 gift i 1856 med Ellef Larsen frå Sletten i Lom f. 1822 d. 1894. Dei busette seg på Årønes, budde idan på Valderhaug og i  Ålesund. 
Ellef døydde i Molde.

7) Ole f. 1827 d. 1906 gift i 1852 med Ingeborg Hansdatter frå Nesje i Veøy f. 1831 d. 1873. Dei busette seg på Nesje.

8) Andrine f. 1830 d. 1872 gift i 1858 med Johan Johansen frå Mek i Bolsøy f. 1835 d. 1912. Dei busette seg på ein plass i «Bugten» under Kvam i Bolsøy.

9) Kristine f. 1833 d. 1912 gift i 1856 med Svend Knutsen frå Bryhaugen, Hol i Hallingdal f. 1826 d. 1899. Dei busette seg på «Svendplassen» under Kvam i Bolsøy. 

10) Hans f. 1835 d. 1912
1. gift i 1866 med Ane Maria Johansdatter frå Kringstad f. 1837 d. 1895. Dei busette seg på husmannsplassen «Kringstad-hagen» under Kringstad i Bolsøy.
2. gift i 1899 med Siri Anna Olsdatter frå Sande i Fræna f. 1848 d. 1939. 

11) Knut f. 1838 d. 1912 («Slåttakaren»)
1. gift i 1862 med Guri Trondsdatter frå Skjørseter i Nesset f. 1832 d. 1872. Dei busette seg på plassen «Kringsjå» under Reknes i Bolsøy.
2. gift i 1875 med Sirianna Eriksdatter frå Ytre Hoem i Fræna f. 1842 d. 1923.

Familieoversynet byggjer dels på primærkjelder frå research til Edvard Hoem, Jordmor på jorda. Huset under Blåhammaren, Oslo 2018, og dels på opplysingar frå ein artikkel av Rolf Strand, Slåttekarens søsken og hans etterkommere, publisert på nettsida til Romsdal Sogelag under «Tekster».

Fortel Edvard Hoem i podkasten til Teatret Vårt. Her kan du lese eit utdrag frå podkast-intervjuet.

EdvardHoem_2.jpg

Kva handlar Jordmor på jorda om?  
Det handlar om tippoldemora mi, Marta Kristine Andersdatter Flovik (1793 – 1875), som tok namnet Nesje då ho gifta seg. Ho arbeidde som jordmor i 50 år i eit enormt område i Romsdal. Marta Kristine var ein mytisk person i familien, og bestefar og far fortalde ofte om henne då eg var liten. Dei sa til meg at eg hadde ei tippoldemor som hadde teke imot 1000 barn.   

Kva er det med historia hennar som gjorde mest inntrykk på deg? 
Først og fremst at ho tydelegvis var ei dame med sterk vilje. Ho hadde to barn heime då ho gjekk til fots til Kristiania for å starte på jordmorskule – og blei der i ni månader. 

Det var ikkje alle som ville hatt mot til å gjere noko slikt, men ho hadde også gode hjelparar, mellom anna ein prost i Veøy som heitte Jens Stub. Han var ein typisk opplysningsprest som hadde fått i oppdrag å finne unge jenter som egna seg til å bli jordmødrer. 

I eit brev frå departementet i København stod det kriterium for kva ei jordmor måtte vere. For det første måtte dei ha smale hender, slik at dei kunne kome til når dei skulle hjelpe under fødsel. Dei måtte også helst kunne lese og skrive. Det var ikkje alle som kunne det på den tida. Mange kunne lese, men det var svært få som kunne skrive, for det måtte ein betale for å få opplæring i. Dessutan måtte ein ikkje vere for stygg, stod det i departementsbrevet, slik at ein ikkje skremte vettet av ungen før han kom til verda. 

Jordmoryrket var ein veldig krevjande jobb. I starten rodde ho sjølv, men etter kvart fekk ho folk som skyssa henne. Hugs at det var 
bekmørkt i Romsdalsfjordane, i alle fall store delar av året, og ho måtte ut i allslags vêr. Ho kom veldig ofte ikkje fram før det var for seint. 

I starten var ho veldig upopulær fordi folk ikkje ville ha jordmor, då dei måtte betale for det sjølv. I mange tilfelle vart ho ikkje tilkalla, sjølv 
om det var fødslar.  

Saman med dei andre jordmødrene i Noreg måtte ho gå til rettssak mot dei mødrene som ikkje betalte, noko som gjorde henne mektig upopulær. Men etter kvart som åra gjekk, såg folk at barnedødelegheita gjekk dramatisk ned. Tidlegare gjekk det gale i éin av fem fødslar, anten døydde mora i barsel, eller så døydde barnet, og av og til begge to. Mange familiar vart ramma, men etter kvart som jordmor-
vesenet utvikla seg, såg folk med eigne auge at det gjekk mykje betre, og barnedødelegheita gjekk ned. Dermed vart desse kvinnene svært akta og populære etter kvart. 

Det kosta sjølvsagt mykje. Tippoldemora mi hadde ein mann som hadde vore med i krigen, og han utvikla psykiske seinskadar. I praksis måtte ho ta seg av 
10 barn aleine, og ho greidde det. Ho var verkeleg ei karrierekvinne, og jordmoryrket var på ein måte det første kvinneyrket som etablerte seg.  
 
Korleis vart ho sett på i samtida?  
Eg trur folk hadde delte meiningar. Den første jordmorutdanninga ho fekk, var i Molde, frå ein lege som var der, ein stadsfysikus. Det første året praktiserte ho som jordmor utan å ha gått på jordmorskule, og dette brukte folk sjølvsagt mot henne. Derfor måtte ho, anten ho ville eller ikkje, ta turen til Kristiania for å utdanne seg vidare der. Etter det gjekk det mykje betre med henne. Sjølv om mange meinte at den gamle ordninga, der såkalla hjelpekoner tok imot barn, var like god, var det utan tvil slik at folk etter kvart innsåg at den nye ordninga var til det beste for både mødrene og barna.  

 Kva med livet dei levde i Romsdalen på den tiden har gjort mest inntrykk på deg?   
Kor krevjande livet var. Det er nesten vanskeleg å fatte korleis folk klarte seg den gongen. Livet var verkeleg ein kamp for å få det til å gå rundt. Dei måtte ofte leve med ein konstant usikkerheit; dersom fisket slo feil eller kornet ikkje modna, var svolt og hungersnød aldri langt unna. 

På den tida var det store forskjellar mellom embetsmenn og bønder eller husmenn som ikkje eigde jorda dei budde på. Systemet var veldig sårbart, og ein mislykka haust eller dårleg fangst kunne føre til alvorlege konsekvensar. 

Dei siste 200 åra har det skjedd utruleg mykje. I dag trur vi kanskje at vi er veldig forskjellige frå folk som levde for 200 år sidan, men i realiteten Vi deler mange av dei same lengsla og draumane som folk hadde den gongen. Vi strevar for å gjere livet betre og leitar etter kjærleik, lykke og eit godt liv – akkurat som dei gjorde. 

Jordmorutdanninga var den første formelle utdanninga for kvinner i Noreg

midwife_vintage_size-large.jpg

Frå hjelpekone til læredotter
Dei eldste norske lovene inneheldt føresegner om at kvinner skulle vere til stades ved kvar ei kones sengeferd, det var til og med straffbart å forlate ei medsøster i barnsnaud. I Borgartingslova heitte det at hjelpekona ikkje måtte forlate kona før barnet var lagt til mors bryst. Hjelpekonesystemet voks fram av dei erfaringane kvinner hadde gjort gjennom generasjonar med eigne og andre sine fødslar.

1539
I følgje Kyrkjeordinansen frå 1539 fekk prestane ansvar for å undervise hjelpekona, men den første lovbestemminga om ein slags opplæring av jordmødrer kom først i Christian V's Norske Lov av 1687, der det heiter:  
«Presten skulle undervise Jordemødre, korleis dei skulle forhalde seg både med arsequinderne og Fosteret».

1688 
I Kyrkjeritualet av 1688 er det gitt detaljerte føresegner om den opplæringa som prestane skulle gi. Jordmødrer vart forma til å føre eit gudfryktig liv, og følgjande vart lagt dei på sinne: «Det er ikkje eit Menneskets gjerning aleine, men aller mest Guds Gjerning, som dreg Borna ut av Moders liv».  
Oppstod det problem, skulle jordmora hjelpe seg med bøn og kristne middel. Det var først og fremst naudåp dei fekk opplæring i. Sto ikkje livet til å redde, måtte ikkje sjela gå tapt.

Etter kvart gjekk kunnskapskontrollen frå kyrkja til staten, og i Forordning om Medicis og Apotekere frå 1672 fekk legane plikt til å undervise og eksaminere jordmødrer. Dette var det første statlege initiativet innanfor fødselsomsorga i Danmark-Noreg, men galdt først og fremst i byane.

1761
Den første organiserte opplæringa av jordmødrer føregjekk hos amtslegar og varte om lag tre månader. I København vart det oppretta fødselsstifting med jordmorskule i 1761, og der varte den profesjonelle jordmorutdanninga i seks månader, «så at den heile Vitskapen Teoretisk og Praktisk blir lært på ein gong». I 1766 vart dei første norske jordmødrer sende til Danmark for å få opplæring i jordmorkunsten, og fram til 1814 vart det utdanna 65 jordmødrer i Danmark.

1815 
I 1815 vart det vedteken å starte jordmorundervisning i Noreg. Danskfødde dr. Magnus Andreas Thulstrup, professor i kirurgi og fødselsvitskap ved Universitetet i Kristiania, sto for den første undervisninga, og i 1818 fekk Noreg eigen jordmorutdanning ved fødselsstiftelsen i Kristiania.

1900 og fram til i dag 
Fleire gonger i løpet av 1900-talet vart det ytra misnøye med jordmorutdanninga, både frå legar og jordmødrer. Det vart peika på at utdanninga i Kristiania sto langt tilbake i forhold til våre naboland med toårig utdanning, og opptakskrava var stadig gjenstand for debatt. Det vart fremja forslag om middelskolen som minstekrav for opptak, men som tidlegare vart det framheva at så strenge opptakskrav ville hindre rekruttering av kvinner frå utkantstrøk. Krav om toårig jordmorskule og betre forkunnskapar vart vedteken på fleire landsmøte, og i ei innstilling frå 1920 vart det sagt at jordmødrer burde ha medisinsk utdanning eller i alle fall ein høgskule av minst tre års varigheit med artium som grunnlag.

1939  
I 1939 gav «Helsedirektøren og Sosialdepartementet sin beste anbefaling til å få oppnemnt ein jordmorundervisningskomité som skulle kome med framlegg om lengre læretid for jordmødrer». I 1946 vart det lagt fram forslag til to utdanningsmodellar:

- To års sjukepleiarutdanning pluss halvanna års jordmorutdanning
- Eitt år spedbarns- og barselpleie pluss to års jordmorutdanning

1952  
Departementet gjekk inn for alternativ 1, men i 1948 kom innstillinga om at opptakskravet til jordmorskulane skulle vere sjukepleiarutdanning frå offentleg godkjend sjukepleieskule. Frå 1952 har sjukepleiarutdanning vore vilkår for opptak til jordmorutdanning. Denne endringa gjekk ikkje upåakta hen.

«Den Norske Jordmorforening har i alle år, sidan ho vart stifta, kravd betre og lengre jordmorutdanning. Då ein fekk jordmorlovkomiteen av 1946, håpte ein å få dette gamle ønsket oppfylt, men dessverre vart ikkje sjølve jordmorskulen forlenga. Ein skulle vel ha rett til å meine at jordmødrer hadde den største erfaringa på dette området når dei i alle år har bede om lengre læretid i fødselshjelp. Det er difor med den største forundring at ein i 1957 erfarer at Norsk Sykepleieforbund har stifta ei jordmorgruppe innan sitt eige forbund som krev at jordmorutdanninga «skal kvile på tre års sjukepleieskule», medan dei ikkje med eit ord nemner at jordmorskulen bør forlengast».

1965  
Læretida si forlenging har vore gjenstand for debatt både før og etter at det vart krav om sjukepleiarutdanning for opptak. For at jordmor skulle få moglegheit til å tileigne seg den praktiske erfaringa som er naudsynt for å kunne utøve sjølvstendig jordmorverksemd, vart det innført eit praksisår i tillegg til jordmorskulen sitt teoretiske pensum. Dette vart vedteke i Midlertidige vilkår for jordmødrer av 15. mars 1965.

1977 og seinare år
I 1977 vart det gjort vedtak om at jordmorskulane, saman med andre helsefagskular, skulle innpassast i det regionale høgskulesystemet. Jordmorutdanninga i Oslo vart lagd til Høgskulen i Akershus og jordmorutdanninga i Bergen til Høgskulen i Bergen. Fram til 1987, då det vart oppretta jordmorutdanning ved Høgskulen i Tromsø, hadde Noreg to jordmorutdanningar. No er det fem. Høgskulen i Vestfold fekk deltidsutdanning for jordmødrer i 2004, og i 2006 vart det oppretta utdanning ved Høgskulen i Sør-Trøndelag.  

Bekymringar over kvaliteten i jordmorutdanninga har ført til at ulike utdanningsmodellar har blitt vurderte, blant anna vart det gjennomført eit prøveprosjekt med halvanna års utdanning, utan turnusteneste, i Bergen. Konklusjonen var at studentane mangla praktisk erfaring, og det vart seinare utarbeidd ny Rammeplan med forskrift for jordmorutdanning, fastsett 16. februar 2004. Denne erstattar Forskrift om utdanning av jordmødrer av 17. november 1980. Utdanninga er no toårig på heiltid, og turnusåret er lagt inn i studietida. Jordmorutdanninga i Noreg blir regulert av Lov om Universitet og Høgskular, samt EØS-avtalen sitt Rådsdirektiv. Her blir minimumskrav til innhald i jordmorutdanninga og kva minimumsrammer som gjeld for jordmorutdanningar innan EØS, fastsett.

I Noreg vart utdanningssystemet endra med implementeringa av «Bolognaprosessen», som inneber harmonisering av utdanningar i Europa. Det er innført eit gradssystem som deler høgare utdanning i Bachelorgrad, Mastergrad og PhD. For jordmorutdanning som allereie er toårig, er det spesielle utfordringar knytte til innpassing i gradssystemet med bachelor på tre år og mastergrad på to år. Mastergrad skal medføre kompetanseheving, og det inneber at det må leggjast noko til eksisterande utdanning.

Kjelde: "Jordmorutdanning – den første formelle utdanning for kvinner i Noreg". Tidsskrift for jordmødrer nr. 6 200

Vi har hatt gleden av å snakke med Edvard Hoem, som deler den fascinerende historien om sin tippoldemor, Marta Kristine. 

Høyr podkast.

Teaterpodden_EdvardHoem_Web.jpg

Kjersti Sandal

Kjersti Sandal er utdanna ved Statens teaterhøgskole (1998–2001). Ho har jobba ved Den Nationale Scene, Rogaland Teater, Hålogaland Teater, Nasjonalteatret i Kabul, Afghanistan, og debuterte ved Nationaltheatret våren 2010. Kjersti har for tida permisjon frå stillinga som fast tilsett skodespelar ved Nationaltheatret, og tek oppdrag både som skodespelar og regissør her ved Teatret Vårt. Ho har mellom anna medverka i Slåttekar i himmelen, Scener frå eit ekteskap og har regi på Julekveld med Teskjekjerringa og Barselfeber.

Kjersti Sandal vann Heddaprisen 2008 i klassen beste kvinnelege skodespelar for rolla som Anna i Karl og Anna. I 2022 vart ho igjen nominert til Heddaprisen i klassen beste kvinnelege skodespelar for hovudrolla i framsyninga Scener frå eit ekteskap.

Bjørnar Lisether Teigen

Bjørnar Lisether Teigen er norsk skodespelar og dramatikar. Han var ferdig utdanna skodespelar i 1995 ved Statens teaterhøgskole og begynte då på Teatret Vårt som skodespelar. Bjørnar Teigen har òg medverka i framsyningar ved Det Norske Teatret, Riksteatret, Oslo Nye Teater og Den Nationale Scene, samt medverka i ei rekke film- og tv-produksjonar. Bjørnar Teigen skriv for scenen, tv og radio, er medlem av Dramatikarforbundet og har fått antatt stykke som har blitt spela i Noreg, Sverige og Tyskland. I 2003 blei han tildelt Heddastipendet som årets debutant for sitt teaterstykke Det tredje tegnet på Teatret Vårt. Våren 2018 blei han tildelt Teatrets venner sin heiderspris Fiskerjenten for sitt arbeid ved Teatret Vårt som skodespelar, dramatikar og regissør.

Bjørnar Lisether Teigen er fast tilsett som skodespelar på Teatret Vårt, og har medverka i mellom anna Jeppe, Lille Eyolf, Til Kongo, Meldinger ut i rommet, Det merkelege som hende med hunden den natta, Århundrenes legende, Den heilage Johanna frå slaktehusa, Radio Don Quijote, Midt i livet 1 og 2 og Villanden, som dramaturg og regissør for SULT og manusforfattar, dramaturg og regissør for Olav Hesthagen feirer jul - O Helga Nach.

Anette Sissener Amundsen

Anette Sissener Amundsen er utdanna både frå Westerdals Oslo ACT (2017–2020) og frå Teaterhøgskulen ved KHiO (2020–2023).  

Ho har under utdanninga medverka i ei rekkje teaterproduksjonar. I utval: Ensemble og Sæterjente i fleire Peer Gynt-framsyningar ved Gålåvatnet, fleire roller i Peter Pan i Sommarteatret i Frognerparken, Heksa i Into the Woods på Chateu Neuf.  
Våren 2024 debuterte ho på Nationaltheatret i framsyninga Besøk av gammal dame i rolla som Othilie Ill.  
Hausten 2024 var ho aktuell i Anima - ei nyskriven operette av Håkon Nystedt.

Vidar Sanddem

Vidar Sandem er ein norsk skodespelar, dramatikar og romanforfattar som var teatersjef ved Det Norske Teatret frå 1997 til 2010.Han gjekk på Statens Teaterhøgskole 1968-1972 og debuterte i Hår på Den Nationale Scene i Bergen i 1972. Han har vore tilsett på Den Nationale Scene, Fjernsynsteatret og Det Norske Teatret og har gjesta dei fleste av landets teater. Han har også skrive ti dramatiske verk og gav ut romanen Livet er så kort at du trur det står stille i 2017. Sandem var hausten 2023 med i framsyninga Villanden på Teatret Vårt.

Vivi Sunde

Vivi Sunde gjekk ut av Statens teaterhøgskole i 1975 og debuterte ved Teatret Vårt same året. Ho har òg medverka i framsyningar ved Riksteatret, Det Norske Teatret og har gjort enkelte filmroller. Ho har laga fleire eigne framsyningar der ho i tillegg til skodespelararbeidet har dramatisert, redigert og omsett ulike tekstar. Ho har òg hatt fleire regioppgåver og skrive, omsett og tilrettelagt manus. Vivi er ein av Noregs fremste formidlarar av Kurt Schwitters sitt arbeid.

Ho har hatt ei lang rekke oppgåver ved Teatret Vårt og har gjort roller i blant anna Du vil vel bli lykkelig, Der storbåra bryt, Gjett hvem som kommer til middag, Trafford Tanzi, Naku (Prosjekt-88), Seinsommerdansen, Tusen år-ein sommardag, Fiskerjenten, Geografi og Kjærleik, Peer Gynt, Lykkeland, Ein midtsommar natts draum, Tartuffe, Et Dukkehjem, Deilige Dagar, Tre søstre, Mitt livs historie, 90-metersbakken, Nathan den vise, Ordet, Rasmus Montanus, Lukta av grønt gras, Århundrenes legende, Lampedusa, Pieta, Presidentinnene, Gjengangere, Jeppe på berget, Panikk i kulissene, Jean de France, Vi berre spøker, Den heilage Johanna frå slaktehusa, MERZCabaret, Radio Don Quijote og Haustsonaten.

Sigmund Njøs Hovind

Sigmund Njøs Hovind er utdanna ved Högskolan för scen och musik ved Göteborgs Universitet (tidlegare Teaterhögskolan i Göteborg).  

Sidan 2011 har han jobba kontinuerleg på institusjonsteater, men har òg brei erfaring med tverrfaglege prosjekt i det frie feltet samt film/tv-produksjonar. Han lagar eigne framsyningar samtidig som han er tilgjengeleg for oppdrag innan teater, film og tv. Han trivst i dei fleste sjangrar, men kjernen i arbeidet har alltid handla om å ta dei eksistensielle problema på alvor og setje søkelyset på det som gjer vondt og som gjer oss menneskelege.

Lars Melsæter Rydjord

Lars Melsæter Rydjord er utdanna skodespelar frå Skodespelarutdanninga ved Nordisk Institutt for Scene og Studio i 2006.

Han har tidlegare hatt roller på Det Norske Teatret, Nordland Teater og Sogn og Fjordane Teater. Han har òg hatt roller i fleire historiske spel, medverka i filmar og jobba mykje med improteater, særleg som del av gruppa ImproTent.

Lars Melsæter Rydjord er fast tilsett ved Teatret Vårt og har medverka i produksjonar som Lilla, Panikk i kulissene, Meldinger ut i rommet, Jean de France, Pusterom, Helvete er dei andre, Radio Don Quijote, Skadeskutt, Bartleby, Romeo & Julie, Virvelvind, Robin Hood, Stjernemateriale, Grevinnen og hovmesteren 0.2 og 0.6, Villanden og Olav Hesthagen feirer jul.

Våren 2023 såg vi Rydjord i rolla som Ferjemannen i publikumssuksessen Danse med skjebnen.