Endre Irwin Skar.jpg
Endre Irvin Skar

22 og eit halvt år var eg den dagen eg troppa opp med bagen min på kontoret i andre etasjen på Chatauet i Parkvegen. Her vart eg vel motteken av ei venleg dame som presenterte seg som Mary.

Spent på kva som venta meg som nytilset amatørteaterleiar var eg. Slike institusjonar var eg nokså ukjend med, sjølv om eg hadde ei god fartstid med teaterarbeid på heimstaden.

Organisasjonsrøynsle hadde eg både frå lokallag, fylkeslag og nasjonalt i Noregs Ungdomslag. Men ein profesjonell teaterinstitusjon var noko nytt og spennande.

Straks etter eg hadde «skrive meg inn i manntalet» vart eg presentert for allmøteleiaren. Ein hyggeleg kar som mottok meg med respekt og rausheit. Kontorplass fekk eg saman med Roger som var informasjonsleiar og forretningsførar.

Sidan denne stillinga som amatørteaterleiar var heilt ny både ved Teatret Vårt og elles i teaterinstitusjonane, fekk eg god tid til å sette meg inn i teatret si daglege drift og formål. Nyttig for meg som nykomling i ei nyoppretta stilling.

Ung var eg, men meiningar om både drift og formål bar eg med meg frå tidlegare røynsler. Med utgangspunkt i aktivt amatørteaterarbeid, ivra eg for å utvikle dramaaktiviteten i by og bygd. Særleg oppteken var eg av å få til samarbeid og samspel mellom det profesjonelle miljøet og den rike amatørteatertradisjonen i fylket. Lokal forankring var mitt «valgspråk».

På dette tidspunktet hadde Teatret Vårt eksistert i fire og eit halvt år, og det var eit tydeleg generasjonskifte. Pionerane frå etableringa var i stor grad borte. No var det å stake ut kursen vidare. Framleis var Teatret Vårt allmøtestyrt. Det vil seie at alle faste tilsette (som var ca.20) hadde ei stemme i allmøtet. Her skulle dei viktige vedtaka for drifta gjerast – teatersjefen var allmøte, og demokratiet skulle råde. Arbeidsoppgåver av ulikt slag vart etter kvart delegert til underkomitear som la fram saker for allmøtet. Det seier seg sjølv at ei slik styreform krev både tid, krefter og innsikt av dei tilsette, men eg opplevde stor grad av entusiasme for teatret og for demokratiet.

Men kva var målet vårt – hadde vi eit felles mål med arbeidet? Kva skulle Teatret Vårt vere i framtida?

Vi starta målsettingsdebattar. Viktige spørsmål vart reist, men det viste seg snart det var vanskeleg å gi svar som alle kunne einast om. Såpass stor usemje meiner eg oppstod at gode relasjonar mellom folk vart set på hard prøve. Det viste seg lett å gå i fella med å generalisere og sjå «fiendar». På den måten fekk konfliktane grobotn, og viste seg vanskeleg å løyse. Grupperingar med felles syn på saker oppstod, og etter kvart kan ein seie at allmøtet vart delt i to leirar, spesielt gjaldt dette i spørsmål som hadde med repertoar og strategiske val å gjera. Om vi hadde usemje internt, var vi, slik eg hugsar det alltid samstemte utad, og det trengtest. Ikkje sjeldan vart det ytra misnøye med dette

«teatret deira innpå Molde». Frå fleire hald vart det peika på styringsforma som ikkje berre var uvanleg, men også ubrukbar. Fylkespolitikarar tok til orde for teatersjef – eller kanskje legge ned heile «sandkassen» som nokon kalla oss. Eg kan i ettertid seie med stor sikkerheit at vi som var tilsette for å gjere ein jobb for teatret i fylket vårt, gjorde det med stor seriøsitet. Men truslane frå

omverda var der, og med ein gong vi hadde ei oppsetning som ikkje fall heilt i smak, vart kravet om nedlegging eller teatersjef lansert.

For meg som hadde eit sterkt engasjement innad i teatret, og samstundes jobba mest ute i distriktet saman med teateramatørar, vart det ei vanskeleg nøtt å få deira entusiasme for sitt lag og si oppsetting til å flyte over i eit engasjement for Teatret Vårt. Det opplevde eg som vanskeleg. Det var heller ingen tvil om at det profesjonelle teatret sine ambisjonar ikkje var på bølgelengde med det dei lokale teaterlaga var mest opptekne av. Men det å vere der ute hos dei ulike teaterlaga, og representere Teatret Vårt, hadde nok sin gode misjon. Vi viste at vi brydde oss, og at vi var til hjelp for dei som ville skape teater på sin heimplass. Ikkje berre eg var ute på oppdrag for amatørteatret. Fleire av skodespelarane var også aktive. Dette engasjementet vart ofte teke fram som motargument når vinden for å legge oss ned sette fart. Eg er ikkje i tvil om at Teatret Vårt sitt engasjement for teateramatørane var særs viktig for å stagge dette presset.

Fleire tilbod til teaterlaga vart utvikla dei siste åra på 1970-talet. Her vil eg nemne ei utstrekt kursverksemd med ulikt innhald; skodespelararbeid, skriving av dramatisk tekst, scenografi, sminke, regi m.m. Kontaktbladet som Teatret Vårt hadde gjeve ut tidlegare vart døypt om til

«Amatørkontakten» og kom ut to-tre gonger for året. Første amatørteaterfesivalen vart halden i 1979. Endeleg kunne teateramatørane ha ein arena å møtast på for å oppleve andre sine skodespel, møte det profesjonelle teatermiljøet og utveksle erfaringar og idear. Denne festivalen var forløparen til teaterfestivalen i Ålesund.

Mykje var gjort og mykje ugjort. Til slutt vil eg nemne spela som Teatret Vårt var stor bidragsytar for å reise. Eg tillet meg å tvile på om «Lady Arbuthnott» hadde sett dagens lys om det ikkje var for det arbeidet Teatret Vårt la ned i Sunndalssamfunnet og etableringa av Jazzåteatret. På Sunnmøre vart Hjørungavågspelet etablert. Kanskje kan dette spelet sjåast på som ein forløpar til «Kongens Ring» i Herøy. Sjøl fikk eg vere med å etablere «Fru Guri av Edøy» på Smøla. Å få høve til å samarbeide med skodespelarane frå Teatret Vårt om å skape denne sterke historia var ei gåve over det vanlege. Her har Teatret Vårt vore aktivt med som bidragsytar både med personell og økonomisk støtte.

Teatret Vårt vart tufta på tanken om eit desentralisert teatertilbod for heile landet. I mitt arbeid som amatørteaterleiar handla det om å tene folket over alt i fylket, utvikle teaterproduksjonar saman med dei, og på den måten styrke lokalsamfunna. Dette såg eg på som ein god måte å bruke samfunnet sine pengar på.

 Av Endre Irvin Skar