Sidan eldgamle tider har skogsalvane passa på skogen vår og dei som bur i den. Dei passar på at jorda er frisk, lufta rein og at dyr og insekt gjer det dei skal. No er det skogsprinsessa Alva si tur til å bli dronning.
Men alt går ikkje som tenkt på kroningsdagen... Rykter og vonde tankar spreier seg i skogen, og plutseleg er det vanskeleg å vite kven som snakkar sant i den store skogen, kor kjem desse mørke tankane ifrå? Skogen treng hjelp frå nokon med eit vakent blikk: menneska.
Bli med inn i skogsriket og opplev eit spanande vandreteater for heile familien!
Eventyr i Parken er eit vestlandsbasert teaterkompani som sidan 2018 har jobba med å skape unike teateropplevingar for barn og unge ute i naturen. I 2021 vart kompaniet nominert til “Bergens beste barneoppleving” i BT, og i 2023 mottok kompaniet Bergen Teaterforenings pris "Rampeløkten" for sitt nyskapande arbeid. Eventyr i Parken inviterer no liten og stor ut, og inn i vår skogsverd for å sjå ting ikring oss, på ein heilt ny måte. Meir info: eventyriparken.no
PRAKTISK INFORMASJON
📍 Molde Vi møtes ved Grua, klare for å hjelpe Skogsprinsessa! Derfrå vandrar vi saman opp gjennom skogen med fleire magiske stopp undervegs. Eventyret endar i nærleiken av Storlihytta. (Turen tilbake er ikkje medrekna i varigheita på framsyninga)
📍 Ålesund Vi møtes på den store parkeringsplassen til Atlanterhavsparken, og eventyret startar! Det er også mogleg å parkere på parkeringsplassen ved Grusbanen (SIF/Hessa IL). Frå parkeringa til Atlanterhavsparken vandrar vi saman gjennom skogen med fleire magiske stopp undervegs. Eventyret endar ved Tuehuken Torg på Tueneset. (Turen tilbake er ikkje medrekna i varigheita på framsyninga)
🎒 Hugs!
Dette er eit vandreteater ute i naturen – heile forestillinga skjer utandørs. Kle deg etter veret, og sørg for at både store og små har gode kle som det går an å springe, leike og redde skogen i! Publikumet vårt har ulikt forhold til dyr, så det er fint om hunden får bli heime denne dagen. Vi vil bevege oss i noko ulendt terreng, vi anbefaler difor bæremeis framfor vogn, og gjer obs. på at ein må vere god nok til beins for ein tur i skog og mark. Ta gjerne med sitteunderlag, og noko smått å ete og drikke på i sekken, om det trengs litt påfyll undervegs.
Varighet ca. 1 time og 40 minutter
Passer for Frå 4 år
Manus
Lina Taule Fjørtoft, Magdalena Kuna, Stine Revheim Svellingen, Thomas B. Brandt
Skodespelarar
Kristian Garmanslund, Katrine Lovise Øpstad Fredriksen, Amalie Jensen Tolo, Stine Svellingen
Kostyme og rekvisittdesign
Tora Troe
Kostymesyer
Julie Jensen
Regikonsulent
Jan Neal Holden
Foto:
Michaela Gettwert og David Zadig
Utvikling av produksjonen er støtta av:
Kulturdirektoratet, Eidfjord kommune, Bergen kommune, Vestland fylkeskommune, A/S Bergens teater og det dramatiske selskab, Sparebanken Vest, Bergesenstiftelsen, Seanse, Jakob Sande senter for forteljekunst, Sr-banken, Proscen, Syv Mil og Westfal Larsen almennyttige fond