Hopp til innhold
Draum om hausten

Draum om hausten

Eit portrett av livet og det vi ber med oss - av Jon Fosse

Dramatikar Jon Fosse er endeleg tilbake i Møre og Romsdal. Med eitt av dei mest rørande og vakre stykka han har skrive. Draum om hausten er eit drama som festar seg i kroppen: presist, stillferdig og fullt av dei store kjenslene som har gjort Fosse til ein av verdas viktigaste dramatikarar og Nobelprisvinnar i litteratur.

Fosse løftar det kvardagslege til noko stort. Gjennom små møte og få ord opnar han eit rom for dei evige spørsmåla: Kva betyr det å leve? Kva held vi fast ved? Kvar finn vi meininga vi lengtar etter? Han kallar sjølv stykket «eit slags måleri over livet».

Forteljinga startar med at ei kvinne kjem tilbake til heimbyen sin og møter ein mann ved ein gravplass. Dei kjenner kvarandre frå før. Det var noko mellom dei ein gong – noko dei aldri fekk levd ut. Han går frå kona Gry, som han har ein son med, og mannen og kvinna blir saman. Foreldra til mannen kjem til gravplassen for å finne att sonen sin. Mannen bryt med foreldre, kone og barn for å leve ut den nye kjærleiken. Men kan forelskinga og begjæret vare? Eller må kjærleiken døy når han blir utsett for kvardagens gjentakingar?

Minna strøymer på. Gradvis glir tid, rom, liv og død inn i kvarandre, og vi blir dregne inn i ei reise gjennom eit heilt liv: kjærleik, sakn, håp, smerte, alt det som gjer oss til menneske.

Dialogane er poetiske og enkle, men dirrar av det som ikkje blir sagt. Dei skapar gjenkjenning, varme og små glimt av humor. Karakterane leitar etter noko - slik vi alle gjer - og i dei finn vi oss sjølve att.

I Teatret Vårts nye oppsetjing får denne forteljinga ei kraftfull og visuelt slåande form. Regissør Tatu Hämäläinen, som har levert to Heddanominerte produksjonar ved teateret, tek no med seg sin sterke, biletrike stil inn i eitt av Fosses mest poetiske verk. Resultatet blir ei teateroppleving som verkeleg skil seg ut.

Velkomen til ei framsyning som grip tak, som utfordrar, og som blir verande lenge etter at du har gått ut av salen. Dette er ei oppleving du ikkje vil gå glipp av.

Premiere
11. mars 2026
Varighet
ca. 1 time og 30 minutt

Gallery image 1
Gallery image 2
Gallery image 3
Gallery image 4
Gallery image 5
Gallery image 6
Gallery image 7
Gallery image 8
Gallery image 9
Gallery image 10
Gallery image 11
Gallery image 12
Gallery image 13
Gallery image 14
Gallery image 15
Gallery image 16
Gallery image 17
Gallery image 18
Gallery image 19
Gallery image 20
Gallery image 21
Gallery image 22
Gallery image 23
1/23
Conrad James McLean

Conrad James McLean

Skuespiller

Les mer
Anette Sissener Amundsen

Anette Sissener Amundsen

Skuespiller

Les mer
Johanna Mørck

Johanna Mørck

Skuespiller

Les mer
Kjersti Sandal

Kjersti Sandal

Skuespiller/regissør

Les mer
Herman Bernholt

Herman Bernhoft

Skuespiller

Les mer

Digitalt program

Digitalt program Draum om hausten

april

Draum om hausten
Draum om hausten
Onsdag 8.4. kl 19:00
Ørsta kulturhus
Draum om hausten
Draum om hausten
Torsdag 9.4. kl 19:00
Parken kulturhus
Draum om hausten
Draum om hausten
Fredag 10.4. kl 19:30
Teatret Vårt
Draum om hausten
Draum om hausten
Lørdag 11.4. kl 18:00
Teatret Vårt