Hopp til innhold
Peer Gynt
Terje Vigen
Eg har ikkje ord
Britt-Marie var her
Nyskjerriper
Husjomfru

Kjære publikum,

Velkomne til Draum om hausten. Eit teaterstykke av Jon Fosse, som er både stillferdig og rått på same tid. Vi møter menneske som ber på minne frå livet. Dei lengtar etter noko meir og har håp om å finne samanheng og meining. Gjennom enkle samtalar og små augeblikk blir vi inviterte til å gruble over dei store spørsmåla: Kva vil det eigentleg seie å vere til? Kva held vi fast ved gjennom livet? Og kvar finn vi det vi saknar?

Forteljinga startar med at ei kvinne kjem tilbake til heimbyen sin og møter ein mann ved ein gravplass. Dei kjenner kvarandre frå før. Det var noko mellom dei ein gong – noko dei aldri fekk levd ut. Han går frå kona Gry, som han har ein son med, og mannen og kvinna blir saman. Mannen bryt med foreldre, kone og barn for å leve ut den nye kjærleiken. Men kan forelskinga og begjæret vare? Eller må kjærleiken døy når han blir utsett for kvardagen og dei grå rutinane?

Tidene flyt over i kvarandre. Vi får innblikk i eit livsløp der kjærleik, tap og håp følgjer kvarandre tett. Det kan kjennast som om vi er i fortid, notid og framtid – i eitt og same stykke. Livet rullar vidare. Vi møter minne frå ei anna tid, samtidig som vi drøymer om ei mogleg framtid. Dei søkjer etter noko– slik mange av oss gjer – og gjennom dei kan vi kanskje ane oss sjølve?

Regissør Tatu Hämäläinen har finlese Fosse og arbeidd seg djupare inn i manus enn det vi ser på overflata. Slik blir framsyninga kraftfull, rå og direkte. Dei stillferdige partia blir utfordra av teatrale verkemiddel. Teksten og intensjonen til Jon Fosse kjem endå tydelegare fram.

Hämäläinen, som tidlegare har stått bak to Hedda-nominerte produksjonar ved teateret, set sitt sterke preg på det poetiske universet til Jon Fosse. Han løftar fram forteljinga i ei form som gir ei eiga teateroppleving. Lyd, lys, kostyme og rom arbeider tett saman. Med seg har han scenograf og lysdesignar Jakob Oredsson, Vilde Pettersen på kostyme, komponist Tatu Rönkkö og Signe Becker, som har laga maskene.

Velkomen til ei framsyning som opnar for refleksjon, spørsmål og ettertanke.

Kristian Lykkeslet Strømskag
teatersjef Teatret Vårt

Om stykke

Draum om hausten er ei kjærleikshistorie og eit familiedrama. Ein mann og ei kvinne møtest tilsynelatande tilfeldig på ein kyrkjegard. Dei har kjent kvarandre før og har sakna einannan. Gjennom fleire møte på gravplassen med folk som står mannen nær, trer eit heilt liv fram. Draum om hausten er ei tidlaus poetisk forteljing om det kvardagslege og mirakuløse, kjærleik og død. Draum om hausten hadde urpremiere på Nationaltheatret i Oslo hausten 1999. Sidan den gong har stykket vorte sett opp over seksti gonger, mellom anna i Russland, Irland, Romania, Polen, Sveits, Brasil, Sør-Korea, USA og Uruguay. Ei særmerkt oppsetjing av Draum om hausten skjedde i ein av salane på museet Louvre i Paris. Stykket vart sett opp av regissøren Patrice Chéreau. "Jon Fosse är ingen svår författare. Han använder de enklaste ord och skriver om erfarenheter som vi alla har en relation till: separation, död och sårbar kärlek." Anders Olsson, leiar i Nobelkomiteen

Kvinnene langs fjorden program
Britt-Marie var her
Nyskjerriper
Revisoren

JON FOSSE

Jon Fosse (f. 1959) vert rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. I snart førti år har han skrive i ulike sjangrar: romanar, dramatikk, lyrikk, kortprosa, essay og barnebøker. Tekstane hans er omsette til over femti språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger over heile verda. Fosse har fått ei rekkje prisar både i inn- og utland.

Jon Fosse voks opp på eit småbruk i Strandebarm i Hardanger. Han gjekk på gymnas i Øystese og studerte ved Universitetet i Bergen. Fosse er cand.philol. med hovudfag i allmenn litteraturvitskap. Han har heile sitt vaksne liv hovudsakleg vore forfattar på fulltid, men har òg arbeidd som journalist, lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og som litterær konsulent. I dag er Fosse busett i Oslo. I 2011 vart han tildelt statens æresbustad Grotten, som ligg i Slottsparken. Fosse bur også dels i Hainburg an der Donau i Austerrike og på Frekhaug ved Bergen.

Fosse debuterte som forfattar med romanen Raudt, svart i 1983, men han ser sjølv på novella «Han» i avisa Studvest frå 1981 som sin eigentlege litterære debut. Allereie i den novella finst mykje av det som karakteriserer Fosses tekstar: repetisjonar, indre monologar, ein suggererande og musikalsk skrivestil. I 80-åra gav Fosse ut prosa, dikt og barnebøker, men det store gjennombrotet som forfattar kom med romanen Naustet frå 1989.

Etter at Fosse hadde etablert seg som romanforfattar, poet, essayist og barnebokforfattar, vart han også dramatikar. Fosse uttrykte skepsis til teateret, men skreiv likevel dramatikk for fyrste gong i 1992. Han har seinare skildra det som den største openberringa i sitt forfattarliv. Det aller fyrste stykket Fosse skreiv, var Nokon kjem til å kome, men Og aldri skal vi skiljast er det fyrste Fosse-stykket som vart spelt på ei scene. Det skjedde på Den Nationale Scene i Bergen i 1994.

Fosse skreiv dramatikk i eit rasande tempo på denne tida og fekk raskt innpass på dei viktige norske scenene. Etter berre få år vart også dramatikken hans sett opp i utlandet. Det verkelege internasjonale gjennombrotet kom i 1999. Den franske regissøren Claude Régy sette opp Nokon kjem til å kome i Nanterre utanføre Paris. Året etter spelte det anerkjende Berlin-teateret Schaubühne Namnet på Festspela i Salzburg. Dei to oppsetjingane var med på å bana vegen for dramatikken til Fosse internasjonalt.

Fosse har skrive over 30 teaterstykke, til dømes Namnet, Vinter, Ein sommars dag, Draum om hausten, Dødsvariasjonar, Svevn og Eg er vinden. I dag er teaterstykka til Jon Fosse spelte over heile verda.

Fosse er internasjonalt mest kjend som dramatikar, men han har han heile tida skrive litteratur i andre sjangrar av uvanleg høg kvalitet, slik som romanane Melancholia I og II om målaren Lars Hertervig; Morgon og kveld, der Fosse skriv om den dagen Johannes vert fødd og døyr; og Trilogien, som er sett saman av dei tre delane Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd. Trilogien er ei vakker og urovekkjande forteljing om spelemannen Asle og kjærasten Alida. I 2015 fekk Fosse Nordisk råds litteraturpris for dette verket.

Det aller mest omfattande prosaverket Jon Fosse har skrive til no, er Septologien (2019–21). Dette verket kom til etter at Fosse tok pause frå dramatikken, men også etter at forfattaren konverterte til katolisismen i 2013. Fosse kallar skrivemåten i verket «langsam prosa». Det er prosa med transportetappar, skildringar og refleksjonar, sjølve negasjonen til det raske dramaet. Verket er omsett til over 20 språk og har hausta glitrande kritikkar både innanlands og utanlands.

For Septologien har Jon Fosse fått ei rekkje prisar. Mellom anna Brageprisen og Kritikarprisen. Han har også kome på kortlista til den internasjonale Bookerprisen og amerikanske National Book Award.

Dessutan er dramatikkpausen over, Fosse skriv på nytt for teater. Frå 2020 har det vore urpremiere på tre nye teaterstykke. Det heilaftens teaterstykket Einkvan har urpremiere 25. april 2024 på Det Norske Teatret.

Våren 2023 kom forteljinga Kvitleik, ein lysande roman om grensa mellom liv og død. I 2023 hadde Fosse også eit jubileum som forfattar. Det var 40 år sidan han debuterte med romanen Raudt, svart. Den til no siste prosaboka frå forfattaren er Vaim (2025), den første boka i ein ny trilogi og eit nytt litterær univers frå Jon Fosse.

Jon Fosse vart i 2023 tildelt Nobelprisen i litteratur.

Kjelde: Samlaget
Foto: Agnete Brun

Litterære prisar

NOBELPRISEN I LITTERATUR 2023

KRITIKARPRISEN 2021

For Septologien VI–VII, Eit nytt namn

BRAGEPRISEN 2021

For Septologien VI–VII, Eit nytt namn

DEN INTERNASJONALE IBSENPRISEN 2021

For Slik var det

NYNORSK LITTERATURPRIS 2019

For Septologien I–II, Det andre namnet

ÆRESPROFESSOR VED SHANGHAI THEATRE ACADEMY 2019

ÆRESDOKTOR 2015

Ved Universitetet i Bergen

NORDISK RÅDS LITTERATURPRIS 2015

For Trilogien

TILDELT STATENS ÆRESBUSTAD GROTTEN

DEN INTERNASJONALE IBSENPRISEN

Den internasjonale Ibsenprisen 2010.

MEDALJE TILDELT AV BENEDIKT XVI

For deltaking i Møte med kunstnarar i Det sixtinske kapell den 21. november 2009.

BERGEN KOMMUNE SIN KUNSTNARPRIS

Bergen kommune sin kunstnarpris for 2009.

DEUTSCHER JUGENDLITERATURPREIS

Deutscher Jugendliteraturpreis 2007 for Schwester (Søster).

SVENSKA AKADEMIENS NORDISKA PRIS

Svenska Akademiens nordiska pris for 2007.

ÆRESMEDLEM I NORSKE DRAMATIKERES FORBUND

Æresmedlem i Norske Dramatikeres Forbund 2006.

ANDERS JAHRES KULTURPRIS

Anders Jahres kulturpris for 2006.

BRAGES HEIDERSPRIS

Brages heiderspris for 2005.

KOMMANDØR AV ST. OLAVS ORDEN

Kommandør av St. Olavs Orden 2005.

PREMIO UBU

Premio UBU for beste utanlandske stykke 2004 i Italia.

HEDDAPRISEN (HEDDAS ÆRESPRIS)

Heddaprisen (Heddas ærespris) for 2003.

NORSK KULTURRÅDS ÆRESPRIS

Norsk kulturråds ærespris 2003.

NYNORSK LITTERATURPRIS

For Auge i vind.

RIDDER AV DEN NASJONALE FORTJENSTORDEN

Ridder av Den nasjonale fortjenstorden (Frankrike) 2003.

BESTE UTANLANDSKE FORFATTAR, THEATER HEUTE

Beste utanlandske forfattar, Theater heute 2002.

SKANDINAVISK NATIONALTEATERPRIS

For Dødsvariasjonar.

MELSOM-PRISEN

For Morgon og kveld.

HEIDERSMEDLEM I DET NORSKE SAMLAGET

Heidersmedlem i Det Norske Samlaget 2000.

KULTUR- OG KYRKJEDEPARTEMENTET SIN LITTERATURPRIS FOR BARNE- OG UNDOMSLITTERATUR

For Søster.

NESTROY-PRISEN

Nestroy-prisen for 2000.

NORDISK TEATERUNION SIN DRAMATIKARPRIS

For Ein sommars dag.

DOBLOUGPRISEN

Doblougprisen 1999.

GYLDENDALPRISEN

Gyldendalprisen 1999.

ÆRESMEDLEM AV NORSK SKUESPILLERFORBUND

Æresmedlem av Norsk Skuespillerforbund 1998.

ASCHEHOUGPRISEN

Aschehougprisen for 1997.

IBSENPRISEN

For Namnet.

MELSOM-PRISEN

For Melancholia I.

SUNNMØRSPRISEN

For Melancholia I.

SAMLAGSPRISEN

Samlagsprisen for 1994.

ALFRED ANDERSSON-RYSSTS FOND

Alfred Andersson-Ryssts fond for 1992.

NYNORSK BARNEBOKPRIS

Nynorsk barnebokpris 1993.

NYNORSK LITTERATURPRIS

For Bly og vatn.

NYNORSK BARNELITTERATURPRIS

For Uendeleg seint (saman med illustratøren Alf-Kaare Berg).