Hopp til innhold
Fride Snipsøyr Holøs

Fride Snipsøyr Holøs

Skuespiller

Fride Snipsøyr Holøs er ein skodespelar og songar frå Ålesund. Ho har ein bachelor i skodespel og teaterproduksjon frå NORD Universitet og musikkteater frå Musikkteaterhøyskolen.

Fride er ein skapande skodespelar og regissør, og driv to scenekunstkompani: Sprengt Teater og FRIKO. Med Sprengt Teater har Fride samarbeida med Teatret Vårt gjennom gjestespelet Verdens Beste Historie og co-produksjonen Nysgjerrigper.

I tillegg har ho mellom anna medverka i Råte hjå Unge Viken Teater og Er mikrofonen min på hjå Teatret Vårt.