KOR TID SAT DU SIST I SOFAEN og las eventyr med tende stearinlys og varm kakao? Torn og Rose er redde for at vi her ute har begynt å gløyme, fordi dei kan merke at krafta i eventyra er i ferd med å forsvinne. Desse to modige eventyrarane har difor sendt ut invitasjonar til alle oss her i Verda Utanfor, og du som sit og les dette, har teke imot innbydinga til deira storslegne omvising.
DET ER VI OG Torn og Rose veldig glade for. For i kveld treng Torn og Rose di hjelp i dette nye eventyret. Dei oppfordrar deg til å vere modig sjølv om du blir litt redd og stole på at det finst nokon som vil hjelpe sjølv når alt håp er ute. For viss vi samarbeider så kan vi få til kva som helst!
Å BESØKE EVENTYRLAND er ei uvanlig hending, og dette er ei framsyning som nyttar verkemiddel litt utan om det vanlege. Vi gjer nemleg noko ingen i Europa gjort før oss – vi blandar Auka Røynd (AR) med teater. Det gjer det mogleg for oss å lage ei skikkeleg spennande og morosam framsyning med både drakar, snakkande fear og levande fiskar på scena. Vi har hatt premiere og turne i Nordland og så jobba vi enno meir i Vestland og finpussa alle detaljane sånn at du og dei du har med deg på teater her i Møre og Romsdal skal få ei kjempegod oppleving.
TORN OG ROSE MÅ KJEMPE mot både havmonster og drakar, men vi har heldigvis berre møtt hjelparar på vår veg i arbeidet vårt. Vi har hatt med oss ein heil hær av dyktige og snille menneske med kloke hovud. Difor gjer vi som Torn og Rose, vi held kvarandre i hendene og tar steget inn i eventyrenes og fantasiens verden og ønsker deg velkommen til å bli med oss dit!
Vi håpar at du og alle du er saman med får ein herleg kveld i Eventyrland!
Helsing
CECILIE, BIRGITTE OG KRISTIAN
Teatersjefar ved Teater Vestland, Nordland Teater og Teatret Vårt
EIN TEATERSCENE er eit magisk moglegheitsrom der fysiske lover kan opphevast ved hjelp av triks og tekniske innretningar. Ingenting er umogleg, og alt er lov. Slik har publikum verda over blitt fortrylla i mange hundre år av dei utrulegaste og mest grensesprengande illusjonane.
DENNE FRAMSYNINGA er er eit stort eksperiment med utgangspunkt i tenk om, kva viss, og kanskje…? Ein flygande drake på scenen er blitt laga mange gongar. Men kva om ho levde, og spruta eld og hadde personlegdom? For mange er ikkje dette ukjent frå ei rekke filmar og seriar. Men korleis kan vi låne frå film, noko som kan opplevast i samspelet mellom skodespelarar og publikum i eit teater?
UTVIDA RAYNDOM, eller av mange betre kjent som augmented reality eller AR, er ein teknologi som gjer det mogleg å blande digitale modellar med den fysiske verda vi lever i. Dei aller fleste av oss bruker ulike former for AR dagleg, i alt frå Snapchat-filter og Pokemon Go til Postens mobilapp der du kan sjå storleiken på pakken du ventar på. Men teknologien er ikkje komen lenger enn at det er ei personleg oppleving. Den er ikkje laga for at 200 andre skal sjå det same som deg. Det er det berre ARShow i Israel som har gjort før oss – i heile verda – då dei produserte framsyninga «Gulliver» i lag med Gesher Theatre i Tel Aviv i 20217.
IDEEN KAN KANSKJE virke enkel nok, men implikasjonane som følger er uhyre komplekse. Lat oss starte med skodespelarane på scenen. Dei er ikkje ekte «eventyrarar» frå Eventyrland som kan sjå avansert magi. Når dei skal hente månesteinen, eller kjempe mot Havsens herkarinne på havets botn, kan dei ikkje sjå alle dei magiske elementa som du, kjære publikum frå Verda Utanfor, kan sjå. Posisjonar, timing og interaksjonar er øvd inn basert på rutenett av tape på golvet, indre rytme og repetisjon. Det same rutenettet har vi teikna opp i programvaren vi bruker for å skape animasjonane, slik at når Rose bles ut eit virtuelt stearinlys, så treff pusten hennar flammen og sløkker lyset. Dette skal klaffe på millisekundet, og alle 200 i salen skal sjå det frå kvart sitt unike perspektiv – samstundes. Om du deretter legg til at alle 200 i salen skal skyte piler frå hjartet mot det same virtuelle målet, så trur eg du kan ane omfanget av utfordringane som ligg bak.
ARSHOW HAR UTVIKLA teknologien som ligg til grunn. Den baserer seg på dataspelmotorar og simulatorar, men med eit unikt sett av programvare for å kunne avvikle det i sanntid på ein scene. Utan samarbeidet med Sasha og Isaac kunne ikkje framsyninga vår ha blitt til, og vi har jobba saman med dei i snart to år for å vidareutvikle og tilpasse teknologien til våre behov.
ALT DET VIRTUELLE visuelle innhaldet er skapt i nært samarbeid med norsktyrkiske Glitch Studios. Den fantastiske staben deira, med teknologar og digitale kunstnarar, har jobba utrøytteleg for å kome over alle hindringane vi har møtt på vegen. Ein definisjon på kreativitet kan vere å ta kjende storleikar og bruke dei på nye måtar. Det er ei passande skildring av deira bidrag. Draken Drakora er bygd opp av eit digitalt, anatomisk skjelett med kjøt og hud og venger, som er gitt personlegdom gjennom rørsle og samhandling med skodespelarane. Alt må tilpassast eksisterande mobilteknologi og bandbredde, uten å gå på bekostning av høg kunstnarleg ambisjon.
EIN FILM UTAN LYD er inga engasjerande oppleving. Det same gjeld for ei teaterframsyning. Den fantastiske komponisten vår, Johann, har fanga eventyrlysta i oss alle og pumpar ho inn i hjarterytmen vår. Men alt det virtuelle innhaldet må òg ha sin auditive identitet, noko dei fremste på lydetterarbeid for film i Noreg har skapt for oss. Lydavdelinga til Storyline Studios har teke opp lyden av arbeidshanskar for å skape vengeslag, og frå ingenting skapt alt frå lyden av havbotn til brennande lava. I motsetnad til film kan ingen av desse lydane ha ei bestemt lengde, sidan teaterscener har ulike lengder for kvar gong framsyninga blir vist. Til liks med alle andre som har bidrege i denne produksjonen, har dei måtte finne opp ein arbeidsflyt som passar inn i eit prosjekt som aldri har blitt gjort før.
TA SÅ ALT DETTE og pakk det på ein lastebil og reis på turné i eit område tilsvarande 25 % av Noregs samla landområde, med ny spelestad kvar einaste dag. Då får du i sum framsyninga du no er komen for å oppleve. Vi håpar eksperimentet blir teke godt imot, og ønsker deg ei eventyrleg reise inn i det ukjende.
ANDERS NYBØ
produsent Torn & Rose
DRAMATIKAR OG REGISSØR | CECILIE GRYDELAND LUNDSHOLT | |
---|---|---|
SCENOGRAF OG KOSTYMEDESIGNAR | BIRGITTE STRID | |
DRAMATURG | KRISTIAN LYKKESLET STRØMSKAG | |
KOMPONIST | JOHANN PRELL | |
LYSDESIGNAR | VEGAR ANGEL ANDREASSEN | |
VIDEODESIGNAR | DAVID LEJARD-RUFFET | |
LYDDESIGNAR | YVONNE STENBERG | |
ANIMATØR | CENK KOKSAL | |
SKODESPELARAR | CARINA FURSETH, PEDER LAUVÅS, LINDA BREAN MATHISEN (NORDLAND FYLKE), IDUN LOSNEGÅRD (VESTLAND FYLKE) OG JOHANNA MØRCK (MØRE OG ROMSDAL) | |
PRODUSERT AV | NORDLAND TEATER, TEATER VESTLAND OG TEATRET VÅRT I SAMARBEID MED GLITCH STUDIOS, ARSHOW OG STORYLINE STUDIOS | |
URPREMIERE | 30. AUGUST 2023 PÅ NORDLAND TEATER |
Carina Furseth er utdanna ved Teaterhøgskulen i Oslo (KHIO), i tillegg til å ha ei musikkteaterutdanning frå Bårdar Akademiet. Etter fullført utdanning i 2020 har Carina arbeidd ved Teater Vestland. Her har ho mellom anna medverka i Jenta med fyrstikkene, Gratis og uforpliktande verdivurdering, Mødrevariasjonar, Kinnaspelet, Pusterom, Tonje Glimmerdal og Torn og Rose i Eventyrland. Sistnemnde er eit samarbeidsprosjekt mellom Teatret Vårt, Teater Vestland og Nordland Teater.
Peder Lauvås har ei skodespelar-utdanning ved Westerdals Oslo Act og musikkteater-utdanning ved Bårdar Akademiet.
Han har sidan utdanninga i 2017 hatt roller ved blant anna Det Vestnorske Teatret, Nordland teater, Teater Ibsen, Kilden teater, Fyllingsdalen teater, Teater Vestland og Folketeateret. Han har òg hatt roller i fleire historiske spel, sist som Håkon i Håkon den gode og Tarve i Kinnaspelet.
Ellers har han medverka i fleire TV-serier og filmar.
Dei siste åra har Peder vore tilsett ved Teater Vestland, og medverka i framsyningar som Ragnarok08, Jenta med fyrstikkene, Peter Pan, samarbeidsprosjektet med Teatret Vårt, Torn&Rose, samt Grevinna og Hovmeisteren på Teatret Vårt sin eigen Bjørnar Lisether Teigen på regi.
Johanna Mørck er fast ansatt skuespiller ved Teatret Vårt. Hun har sin skuespiller utdannelse fra den russiske teaterhøgskolen GITIS (Scandinavia), hvor hun ble uteksaminert i 2007. Siden har Johanna arbeidet ved ulike teatre og kompanier, blant annet Østfold Teater. Johanna Mørck har medvirket i flere spillefilmer, kortfilmer og radioteater. Hun har også produsert egne forestillinger og drevet sitt eget kompani i samarbeid med Tobias A. Heiberg.
Johanna Mørck har medvirket i flere forestillinger ved Teatret Vårt, bl.a. Othello - hvem stoler du på?, Helvete er de andre, Snekker Andersen, Radio Don Quijote, Høstsonaten, Alle fantastiske ting og Gift, Dei som fer, Jo mere vi er sammen, Tvillingene og nå Torn & Rose