Velkomen til framsyninga "Eg har ikkje ord" – ein musikal om Ivar Aasen! Ivar Aasens arbeid for utviklinga av det norske språket og kulturen er heilt unik. Arbeidet hans bidrog ikkje berre til å forme nynorsken, men også til å styrkje den nasjonale identiteten i Noreg på ei tid då landet var i ferd med å skape si eiga medvit. Ivar Aasen endra både fortida og framtida. Han la grunnlaget for at Noreg vart det første formelt fleirspråklege landet i Europa.
Det er nesten ikkje til å tru korleis det arbeidet Ivar Aasen la ned, var mogleg. Han må ha vore intenst energisk. I 23 ulike kalenderår var han på reise. Kvart år reiste han i gjennomsnitt 120 dagar. Han var med andre ord på reise kvar tredje dag i 23 år.
For å bygge eit nytt språk, ofra Ivar Aasen både kjærleik og personleg lykke, og i kveld får vi eit eineståande innblikk i hans indre kamp og store livsval. Kor mykje kan ein ofre for ei større sak? Kva sit ein igjen med om ein har ofra alt? Slike tankar kan Aasen ha sitte med på slutten av livet. Det er kanskje like gyldige spørsmål for oss i dag. Skal vi ofra lykka for noko større enn oss sjølve?
Med dette som utgangspunkt har regissør og dramatikar Nils Petter Mørland skrive eit heilt nytt manus. Historia på scena følgjer det dokumentariske tett, men som alltid diktar teatret vidare på røynda. Dette er den sanne fortellinga om Ivar Aasen, og der biografien ikkje strekk til, byrjar fantasien. Nils Petter har dykka ned i historia, og ut av det skapt ei ny fortelling om Aasen for i dag.
Komponist Håvard Gressum Antonsen har laga heilt ny musikk. Den er inspirert av den store Great American Songbook, og gir liv til både dei kraftfulle og dei sårbare augneblinkane. Scenograf og kostymedesignar Dagny Drage Kleiva, lysdesignar Oscar Frostad Udbye og koreograf Stian Danielsen har laga eit frodig og leikande univers som nyttar alle teatret sine moglegheiter og drar oss inn i ein magisk realisme. For slik var livet til Ivar Aasen – både magisk og realistisk.
Ivar Aasen er ein viktig del av Noregs historie. Han er også ein svært viktig del av identiteten til Møre og Romsdal. Og nettopp difor er det viktig og rett at Teatret Vårt lagar ein heilt ny musikal om Ivar Aasen – vår eigen Ivar Aasen.
No gler vi oss til å dele denne framsyninga med alle i Møre og Romsdal. Vi ønskjer dykk ein underhaldande, lærerik og tankefull kveld i teatret!
Kristian Lykkeslet Strømskag
teatersjef Teatret Vårt
I løpet av 2024 og 2025 vil mange tusen nordmenn ha sett ein musikal om Ivar Aasen. Kva er det med Aasen sitt liv som inspirerer så mange i vår tid?
Mellom 13. april 2024 og 19. mars 2025 har tre ulike musikalar med utspring i forteljinga om Ivar Aasen hatt premiere på norske teater.
Vinkling og tematikk varierer noko, frå reinspikka satire og hysterisk humor i Are Kalvø sin regi på Det Norske Teatret med Spynorsk. The Musical, til ei meir reindyrka biografisk tilnærming frå Olav Ødegård sitt manus til framsyninga Ivar Aasen – ein musikal ved Studentersamfundet i Trondheim.
I Nils Petter Mørland sitt verk for Teatret vårt er det kontrasten mellom storleiken på Aasen sitt livsverk og eit tilsynelatande einsamt og enkelt liv som fungerer som det dramaturgiske utgangspunktet.
Same kva vinkel du ser frå er det alltid noko spennande å finne i forteljinga om Ivar Aasen. Vi kan sjå han som ein arbeidshest, eit klartenkt og framsynt flogvit og ein audmjuk helt som utretta store ting som forandra Noreg for all framtid. Og det mest grunnleggande elementet i premissen for Eg har ikkje ord er offeret. Med det elementet blir ikkje Aasen berre ein eventyrhelt som går ut og blir forandra og forandrar verda, men også nærast ein messias-figur som ofra seg for alle oss andre.
For oss som jobbar med nynorsk skriftkultur og alt som har kome etter Ivar Aasen til dagleg, er alle variantane av forteljinga om Aasen kjent stoff og noko som støtt blir drøfta og diskutert i lunsjen eller i kontordørene i Aasentunet. Der er så mykje å tenkje på at vi aldri vil gå tom for tema å tenkje over i Aasen sitt liv og arbeid.
Likevel blir vi kanskje overraskande overraska når interessa framleis er så stor i samfunnet elles. Vi er fleire som har måpa og undra oss over at både Spynorsk, musikalen i Trondheim og Eg har ikkje ord har dukka opp i same perioden.
Publikumsundersøkingar vi har gjennomført i Aasentunet i samband med planlagt fornying av den faste utstillinga der, syner også at personen Ivar Aasen og livet hans er den viktigaste grunnen til at folk kjem til museet. Også dette har overraska nokon av oss.
Vi har ikkje blitt overraska fordi vi ikkje synest forteljinga om Ivar Aasen er spennande – vi går jo aldri lei av den – men vi har kanskje undra oss over at interessa for han kan sjå ut til å stige akkurat no. Er det noko med tida vi lever i som gjer Aasen særleg aktuell akkurat no?
Kanskje ligg noko av svaret i «Stoltenberg-effekten» vi ser i politiske meiningsmålingar denne vinteren. I ei uroleg tid treng vi heltar som kan inspirere oss og gje oss håp. Nokon som kan tenke klart og peike i ei fornuftig retning.
Noko av det mest fascinerande med forteljinga om Ivar Aasen for meg har alltid vore artikkelen Om vort skriftsprog, som han skreiv i 1836, men som ikkje blei gjort kjend før den blei trykt i Syn og Segn 1909. Det var 13 år etter at Aasen gjekk bort. Det som er så slåande med artikkelen er kor klart bilete Aasen hadde av kva som burde skje for å danne eit norsk folkespråk, og ikkje minst kor presist det blei gjennomført gjennom hans livsverk i alle tiåra som følgde.
I det kaotiske verdsbiletet vi har i dag verkar det heilt umenneskeleg å vere så klartenkt. Det verkar nærast umogleg å seie noko fornuftig om korleis vi no skal utvikle samfunnet vidare. Alt kan forandre seg neste veke eller neste månad.
Kanskje er det difor vi også har eit behov for å fokusere på dei delane av livet til Aasen som var mindre vellukka. At vi både har eit behov for å skape heltefigurar for oss sjølve og å finne menneskelege trekk ved desse heltane som vi kan kjenne oss att i.
Dei av oss som har høyrt snakk om lidingssoga om Aasen mange gonger kan nok av og til rynke på nasa når den blir trekt fram igjen, men det er også noko grunnleggande klokt ved å prøve å forstå og sjå det heile mennesket bak mytologiske heltefigurar. Det er ei påminning om at han trass alt ikkje var så ulik deg og meg, og at han også hadde heilt naturlege behov som venskap, kjærleik og intimitet.
Aasen var ein helt. Og han var også ein smålåten kar frå eit lite, enkelt gardsbruk i Hovdebygda. Han etterlet seg eit enormt livsverk, men hadde også store utfordringar og plager.
Eg vonar forteljinga om Ivar kan hjelpe oss andre til å sjå at alle kan utrette store ting om vi evnar å tenke klart, og at dei små og store utfordringane vi møter i livet også kan føre oss nærare kvarandre, slik denne musikalen kan føre oss litt nærare mannen bak mysteriet som er Ivar Aasen. Til lukke med musikalen!
Olav Øyehaug Opsvik, direktør
Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur
Ivar Aasen var vitskapsmannen som la grunnlaget for eit nynorsk skriftspråk. Han var òg diktaren som skreiv dei kjende linjene «Mellom bakkar og berg utmed havet», som er opningsorda til diktet «Nordmannen».
Då Ivar Aasen (1813–1896) vaks opp i Ørsta og Volda på Sunnmøre tidleg på 1800-talet, hadde ikkje Noreg eit eige skriftspråk. Dansk dominerte, og slik hadde det vore i fleire hundre år. Frå han var 29 år i 1842, arbeidde Ivar Aasen på heiltid for at også nordmenn skulle få sitt eige skriftspråk.
Dei fleste skriftspråk i verda tek anten utgangspunkt i éin dialekt i eitt område, eller prøver å finne fellestrekk mellom fleire dialektar. Ivar Aasen meinte det siste var mest demokratisk. Han tok utgangspunkt i at folk flest skulle kunne skrive nærmast mogleg førstespråket sitt, slik at ein slapp å gå omvegen om dansk.
Norsk kultur har vore styrt frå fleire stader i Noreg, ikkje frå eitt kultursentrum. Både kunsten, ideane og pengane har kome frå fleire delar av landet. Aasen arbeidde vidare i denne tradisjonen. Han studerte talespråket til folk i Noreg, og kom fram til det skriftspråket vi i dag kallar nynorsk.
Arbeidet til Ivar Aasen var vitskapleg. Språkprofessor Tove Bull kallar Aasen den største norske språkforskaren og grunnleggjaren av den moderne dialektvitskapen i Noreg. Aasen granska dei norske bygdedialektane frå heile landet nøye og leitte etter orden, system, samanheng og ulikskapar. Men det var ikkje berre talemåla Aasen såg på; han samla inn eventyr og segner, merkte seg klesdrakter og veremåtar og dokumenterte norske ordtak og norsk namneskikk.
Målet om eit norsk skriftspråk førte Ivar Aasen ut på reiser gjennom landet frå Lindesnes i sør til Tromsø i nord. Til saman reiste han like langt som ein biltur frå Ørsta til Cape Town og tilbake. Det gjorde han til ein av dei personane som kjende Noreg best på 1800-talet.
Aasen og dei andre første nynorskbrukarane meinte at kort avstand mellom skrift og tale kunne gjere det enklare for fleire å delta i samfunnet. Arbeidet hans har medverka til at Noreg er eitt av landa i verda der vi kan snakke dialekt i alle sosiale situasjonar, også i riksmedia, på arbeid og i Stortinget.
Dei to første dikta til Aasen blei trykte allereie då han var 19 år gammal. Det var to skillingsviser. Seinare kom fleire skodespel, songar og dikt. «Nordmannen» er det mest kjende og brukte diktet av Ivar Aasen, og står i den einaste diktsamlinga Aasen gav ut: Symra (første gong utgitt i 1863). Aasen kalla dikta sine for visor, og det var såleis meininga at dei skulle syngjast.
Blant dei viktigaste utgivingane til Ivar Aasen er Prøver af Landsmaalet i Norge (1853), Ervingen (1855), Symra (1863), Norsk Grammatik (1864), Norsk Ordbog (1873), Norsk Navnebog (1878) og Norske Ordsprog (1881).
Då Ivar Aasen døydde 23. september 1896, hadde nynorsk vore likestilt med dansk i elleve år, men ingen hadde enno fullført grunnskulen på nynorsk. Det skjedde først året etter, i 1897, i Bygland i Aust-Agder og Modalen og Osterøy i Hordaland. Aasen fekk også oppleve å lese dei første nynorske avisene og bøkene og at det Det Norske Samlaget blei skipa i 1868. Nesten all nynorsk litteratur er likevel gitt ut etter at han døydde.
Utan dokumentasjonen og forskinga til Reidar Djupedal, Ottar Grepstad, Jan Inge Sørbø, Stephen J. Walton og Terje Aarset hadde minnet om Ivar Aasen vore annleis og mindre fullstendig.
Kjelde: Nynorsk Kultursentrum
Her kan du laste ned songtekstane som er med i framsyninga Eg har ikkje ord
Her kan du laste ned songtekstane som er med i framsyninga Eg har ikkje ord.
Sara Fellman er fast tilsett skodespelar ved Teatret Vårt. Sara har skodespelarutdanning frå Nordisk institutt for Scene og Studio. Etter fullført utdanning i 2006, har ho arbeidd med ei rekke teaterkompani og frigrupper, jobba med dubbing og etter kvart song. Ho har drive eige teaterkompani med fleire produksjonar for både barn og vaksne, og er også klovn i Sykehusklovnene og Klokkeklovnene. I 2015 var ho student ved Subbody Butoh School i Himalaya, der ho studerte den japanske danseforma butoh. Ho har vore i ensemblet ved Grusomhetens Teater i Oslo sidan 2013.
Ho debuterte hos Teatret Vårt i Liv Strömquist tenker på deg, og har sidan spelt i bl.a. [tilnærma lik], Brevduene, Helvete er dei andre, Radio Don Quijote, Maratondansen, Sporvogn til begjær, Barselfeber, Villanden og Julekveld med Teskjekjerringa. Våren 2020 spela ho Gjertine i Slåttekar i himmelen av Edvard Hoem og vann i 2022 Heddaprisen for beste kvinnelege skodespelar for rolla som Gjertine.
I 2024 medverka Fellman i framsyningane Medea, Norsk Sangbok, Tre griser og en ulv og Jordmor på jorda. No aktuell i Eg har ikkje ord.
Lars Melsæter Rydjord er utdanna skodespelar frå Skodespelarutdanninga ved Nordisk Institutt for Scene og Studio i 2006.
Han har tidlegare hatt roller på Det Norske Teatret, Nordland Teater og Sogn og Fjordane Teater. Han har òg hatt roller i fleire historiske spel, medverka i filmar og jobba mykje med improteater, særleg som del av gruppa ImproTent.
Lars Melsæter Rydjord er fast tilsett ved Teatret Vårt og har medverka i produksjonar som Lilla, Panikk i kulissene, Meldinger ut i rommet, Jean de France, Pusterom, Helvete er dei andre, Radio Don Quijote, Skadeskutt, Bartleby, Romeo & Julie, Virvelvind, Robin Hood, Stjernemateriale, Grevinnen og hovmesteren 0.2 og 0.6, Villanden og Olav Hesthagen feirer jul.
Våren 2023 såg vi Rydjord i rolla som Ferjemannen i publikumssuksessen Danse med skjebnen. I 2024 medverka Lars i framsyningane Medea, Tre griser og en ulv, Jordmor på jorda, Tonje Glimmerdal og no i Eg har ikkje ord.
Anette Sissener Amundsen er utdanna både frå Westerdals Oslo ACT (2017–2020) og frå Teaterhøgskulen ved KHiO (2020–2023).
Ho har under utdanninga medverka i ei rekkje teaterproduksjonar. I utval: Ensemble og Sæterjente i fleire Peer Gynt-framsyningar ved Gålåvatnet, fleire roller i Peter Pan i Sommarteatret i Frognerparken, Heksa i Into the Woods på Chateu Neuf. Våren 2024 debuterte ho på Nationaltheatret i framsyninga Besøk av gammal dame i rolla som Othilie Ill. Hausten 2024 var ho aktuell i Anima - ei nyskriven operette av Håkon Nystedt.
Ved Teatret Vårt har ho hatt rollar i Jordmor på jorda, Tonje Glimmerdal og no i Eg har ikkje ord.
Anne Wiig kjem frå Bergen, og er utdanna frå Nord universitet (2013–16). Ho har òg studert eitt semester ved Stockholms Konstnärliga Högskola (2019).
Sidan debuten har ho jobba ved fleire teater rundt om i landet. På Det Vestnorske Teatret har ho spelt Alida i Andvake, fleire roller i framsyningane Heim og Heim 3, og Annika i Tordivelen flyg i skumringa. Ho har òg spelt Raudhette i Raudhette og ulven ved Teater Vestland, og Hilde i Fruen frå havet ved Nordland Teater.
Våren 2022 debuterte ho på Teatret Vårt i rolla som Jenny/Det store øyet i framsyninga Draumespelet. Sidan då har ho spelt i monologframsyninga Eit stykke for de levende i ei døende verden, Ylajali i SULT, i Tre griser og en ulv, Brannen, og Hjelp, det er jul igjen.
Wiig er våren 2025 aktuell med Eg har ikkje ord.
Lars Halvor Andreassen er utdanna skodespelar ved Nord universitet (tidlegare HiNT) og har sidan 2017 arbeidd både ved institusjonsteater og i det frie feltet. Han har turnert med Riksteatret, Teater Innlandet og Brageteatret, og sommaren 2020 spelte han i Robin Hood ved Teatret Vårt.
Lars er òg med i Feil Teater, der han har utvikla og spelt i ei rekkje framsyningar. Elles har han medverka i produksjonar av mellom anna Antiteatret og Ein gjeng med idiotar.
Hausten 2020 medverka han i Deilig er jorden og no i Eg har ikkje ord.
Johanna Mørck er fast tilsett skodespelar ved Teatret Vårt. Ho har si skodespelarutdanning frå den russiske teaterhøgskulen GITIS (Skandinavia), der ho vart uteksaminert i 2007. Sidan har Johanna arbeidd ved ulike teater og kompani, mellom anna Østfold Teater. Johanna Mørck har medverka i fleire spelefilmar, kortfilmar og radioteater. Ho har òg produsert eigne framsyningar og drive sitt eige kompani i samarbeid med Tobias A. Heiberg. Johanna Mørck har medverka i fleire framsyningar ved Teatret Vårt, mellom anna Othello – kven stolar du på?, Helvete er dei andre, Snekker Andersen, Radio Don Quijote, Haustsonaten, Alle fantastiske ting, Gift, Dei som fer, Jo meir vi er saman, Den som heng i ein tråd, Jul i gamle dagar, Barselfeber, Villanden, Julekveld med Teskjekjerringa, Medea, Torn & Rose, og no Eg har ikkje ord.
Manus og regi
Nils Petter Mørland har lang fartstid som dramatiker og regissør og er tidligere teatersjef både ved Det Andre Teatret i Oslo og Brageteatret - regionteatret i Buskerud. Bakgrunnen hans er fra improvisasjonsteater og han er fortsatt del av ensemblet ved Det Andre Teatret. Han har skrevet og regissert for både barn og voksne og jobbet med scene, radio, tv og film. Eg har ikkje ord er den første musikalen han har skrevet.
Komponist og musikkansvarleg
Håvard Gressum Antonsen er musikar og komponist ved Det Andre Teatret, og står for dei aller fleste musikalske bidraga i improframsyningane på teatret, som Clickbait – The Musical, Instant Broadway og På grensen til sang. Og ikkje minst i duo-framsyninga Såvidt en hit, som har hausta stor suksess både på DAT og på spelejobbar utanfor eige hus.
Håvard trakterer fleire instrument, og jobbar mykje med elektronisk uttrykk i tillegg til det meir tradisjonelle. I tillegg er han ein rasande god komponist, og har laga musikken til fleire manusbaserte framsyningar som Det Andre Teatret har produsert.
Scenograf og kostymedesignar
Dagny Drage Kleiva er utdanna scenograf og kostymedesignar ved Central St. Martins College of Art and Design, London i 2000. Sidan då har ho arbeidd som scenograf og kostymedesignar for film, dans, opera og ved dei fleste teatrane i Noreg, blant anna Nationaltheatret, Det Norske Teatret, Oslo Nye teater, Den Nationale Scene, Hålogaland Teater og Trøndelag Teater.
For scenografien til Døden på Oslo S på Økernsenteret (Nationaltheatret) blei ho tildelt Oslo bys kunstnarpris 2023 og nominert til Heddaprisen i kategorien for beste scenografi og kostymedesign.
Dagny var også scenograf og kostymedesignar for Tonje Glimmerdal på Teatret Vårt.
Koreograf
Stian Danielsen er koreograf og danser med utdannelse fra Kunsthøgskolen i Oslo, hvor han uteksaminert i 2009. Han har koreografert en rekke verk, inkludert The Rakes’ Progress for Den Norske Opera (2024) og Shockheaded Peter for Den Nationale Scene (2023).
I tillegg til å danse i sine egne produksjoner har han vært utøvende danser for anerkjente koreografer som Jo Strømgren og Ingun Bjørnsgaard. Siden 2019 har han hatt en aktiv rolle som koreograf for teater og scener i Norge, inkludert, DNS, Trøndelag Teater, Kunsthøgskolen, Teater Manu, Vega Scene, Den Norske Opera, kompani Ibsen og nå Teatret Vårt.