Arne og Haugtussa

Syngespel om Arne Garborg og skapinga av Haugtussa

I det nyskrive syngespelet «Arne og Haugtussa» blir publikum bydd med inn i tida rundt skapinga Haugtussa, da Garborg og heltinna hans sto og vippa mellom dikting og røynd.

På Jæren mot slutten av attenhundretalet sit Arne Garborg inntil skrivebenken og puslar med tanken om eit langdikt.
Brått ser forfattaren ei dør i veggen framfor seg, berre synleg for han sjølv.
Døra lenkjer diktarens fysiske skriverom saman med hans indre tankeverd.
Veslemøy står i døra og lokkar diktaren inn i hans eige skaparkrefter. 

Syngespelet tar opp korleis eit av de mest ikoniske diktverka i norsk historie blant anna dreier seg om å overskride grensa mellom det moglege og umoglege. 
Kor langt og lenge kan ein dikter gå inn i si eiga tankeverd, før han mister forstanden, mister seg sjølv? 

Arne og Haugtussa har ein fot planta i biografien til Garborg og den andre i diktinga hans.
Det er både eit psykologisk musikkstykke og ein lyrisk thriller.

Kjøp billett

Varighet ca. 1 time

Manus
Endre Ruset og Espen Grønlie, inspirert av Arne Garborgs Haugtussa

Musikk
Martin Kosberg Bredin, fritt etter Edvard Grieg

Regi
Linn Christine Wennersten
 
Etter en idé av Camilla Stenhoff Vist
 
Medvirkende Veslemøy Beate Mordal Arne Bjørnar Øksenvåg

Musiker Martin Kosberg Bredin

lørdag 22.3.25 kl 18.00
Arne og Haugtussa | Teaterfest
Storyville, Molde