Thomas Bjørnager programmerte repertoaret for våren og avslutta med det sitt åremål på 7,5 år. Samstundes gjekk også Cecilie Lundsholt av som kunstnarleg leiar for avdelinga i Ålesund. Lundsholt programmerte heile 2019. Vera Krohn Svaleng byrja som ny kunstnarleg leiar i Ålesund 1. oktober. Med så store organisatoriske endringar i leiinga ved Teatret Vårt, har mykje av fjoråret vore prega av nye tankar, rutinar og arbeidsformer. Desse endringane har likevel gått utan store utfordringar. Grunnane til at prosessen har vore smertefri, må i stor grad tilleggas teatrets administrasjon og tilsette. Det er med stor glede vi kan sjå tilbake og peike på at Teatret Vårt er eit svært veldrive hus som har erfaring og rutinar til både å handtere sjefskifte, repertoar og visjonar frå fire ulike kunstnarlege leiarar og ikkje minst klare å halde fokus opp på hovuddrifta vår, nemleg framsyningane og møte med publikum. 

Året 2019 har vore eit svært godt år for teatret både med tanke på publikumsoppslutning og ikkje minst det kunstnarlege ambisjonsnivå. Vi har laga gode og til dels svært gode framsyningar til alle aldersgrupper og til heile fylket. Repertoaret har vore allsidig i tematikk, formspråk og publikumskontakt. Vi har vore ambisiøse og har laga framsyningar som ikkje står tilbake for anna scenekunst i landet. Teatermeldarar, Heddajury og kollegaer har vore tilstades og gitt gode tilbakemeldingar. Det er ein god peikepinn og anerkjenning av at vi er med i toppsjiktet i teater-Noreg. Der skal vi framleis vere. Det er kvalitet som er målestokken for det vi driv med og det er viktig å minne oss sjølve på at det berre er kvalitet som kan forsvare vår framtidige eksistens. På kvalitet og ambisjonar skal vi vere kompromisslause.  

Vi tek gjerne vår del av æra for at Molde kommune er inne på ein nasjonal 9. plass i Telemarkforskning sin kulturindeks. Vi ser at Molde kommune er på fyrsteplassen nasjonalt, målt på framsyningar per innbyggjar i kommunen, og gler oss over vårt bidrag til denne statistikken. Teatret Vårt auka publikumstalet for 2019. I alt 35 776 publikummarar besøkte dei 447 oppsetjingane og arrangementa som blei framført på dei faste spelestadane og på turne. Rekneskapen for 2019 viser eit overskot og det bekreftar at vi lukkast med eit godt program. 

Høgdepunkta i 2019 kom tett i tett;

En handelsreisendes død med Per Egil Aske i hovudrolla var vårens hovudproduksjon. I Christoffer Berdal sin regi tok framsyninga eit oppgjer med den amerikanske draumen. Vårens andre premiere vart ein verdsberømt trikketur endestasjonen, Sporvogn til begjær av Tennesee Williams. Uwe Cramer var tilbake på Teatret Vårt og fekk jobbe med vårt kjerneensemble og gjesteskodespelarar. Første premiere i Ålesund var En folkefiende. Her lukkast ein med å gjera Ibsen-klassikaren tilgjengeleg til ungdom. Den sjølvbiografiske dagbokromanen Evig søndag av Linnéa Myhre vart iscenesett i ein samproduksjon med Den Nationale Scene. Romeo & Julie vart den teatereksplosjonen om det sinnssjuke vi kallar kjærleik som vi ønska oss. Ved å velgje eit ungt, friskt og nyutdanna kunstnarleg team, så fekk både teatret og publikum møte ei kompromisslaus og ambisiøs teaterform som insisterer på emosjonane i teaterrommet. Magi- og fantasioperatørene var første gong Teatret Vårt presenterte improteater for barn. Og det ga meirsmak både for oss og publikum. I tradisjonen tru laga vi julebordkomedien God jul, nabo! som viste oss at det er mykje god terapi i ein heftig nabokrangel. 2019 vart avslutta med familieframsyninga Snødronningen av H. C. Andersen, som vart vist 38 gonger og besøkt av 3 980 publikummarar. I mars 2019 arrangerte vi for 10. gong Teaterfest i samarbeid med Teatrets Venner og presenterte seks særs ulike gjestespel. Den tiande teaterfesten var på alle måtar særdeles vellukka både i høve til program, publikumsbesøk og økonomi.

Alt i alt kan Teatret Vårt vere utruleg stolte av resultata i 2019. I tillegg til kjerneaktiviteten vår; å produsere kvalitetsteater for alle aldrar, har vi gjennomført ei rekkje publikumsutviklande aktivitetar med stor oppslutning frå publikum. Vi lagar kvalitetsframsyningar til publikum i alle aldrar, til små og store turnestader; bredda i tilbodet vi presenterer er noko alle på Teatret Vårt kan vere stolte av. Med den dedikerte støtta frå våre store venneforeiningar, teatervertar og arrangørar, klarer vi å gjere Teatret Vårt til eit inkluderande, modig og moderne teater som rekkjer handa ut mot publikum i heile Møre og Romsdal.

Eg vil nytte høvet til å takke alle tilsette på Teatret Vårt for den store felles innsatsen i 2019. I tillegg ønskjer eg å takke Thomas Bjørnager og Cecilie Lundsholt for arbeidet dei har lagt ned for Teatret Vårt gjennom fleire år.

Til sist vil eg sende ei varm helsing til alle teatervenner og vertar. Tusen takk for alle timar de alle legg ned for teatret. Dykkar engasjement for og eigarskap til teatret er heilt unikt og avgjerande for at vi kan halde trykket og ambisjonane oppe. Tusen takk! Eg gler meg til nye møter og framsyningar i 2020 og håpar å sjå dykk på Teaterfest.

Beste helsing

Kristian