Hit eit steg

Musikalsk framsyning frå Ingebrigt Davik sitt univers

Bli med Kaia på veg til sin første skuledag, - skal tru om ho kjem seg til skulen!?

Hit eit steg er ei musikalsk teaterframsyning om det å vente, glede, grue og undre. Bli kjent med Kaia som er på veg til skulen, for aller, aller fyrste gong. Kaia trippar både hit og dit langs skulevegen sin og møter både måsar, vevekjerringa og småskumle fjerdeklassingar. Og når tankane om skulen vert for store er det godt å kunne ta ein ferd ned til den underlege verda langt nedpå havbotnen, kor Flyndre-Fanten og sjølvaste Krabbe-Krølle bur.

Ingebrigt Davik var frå den vesle øya Fjørtofta på Sunnmøre, og og vart gjennom sitt arbeid ein viktig representant for kystbarna med sine historier om det underlege livet i fjøresteinane 


Pressen om Hit eit steg

Terning 5.png

«En gavepakke til alle som grugleder seg til skolen.» Bergens Tidende
«En liten forestilling som fortjener et stort publikum.» Bergens Tidende

«Hit eit steg er en fengende og morsom forestilling for både barn og voksne.» Barn i Byen. 

 


Varighet ca 45 minutt

Passer for alle frå 4 år

Basert på songar og tekster av
Ingebrigt Davik

Regi og dramaturgi
Ingrid Askvik

Manus
Lina Taule Fjørtoft

Skodespelar
Lina Taule Fjørtoft

Musikar 
Toivo Fjose

Musikalske arrangement
Toivo Fjose

Produsent
Lina Taule Fjørtoft

Co-produsent
Det Vestnorske Teateret

Med støtte frå
Kulturrådet og Norsk skodespelarforbund

Forlag
Teaterforlaget Songbird AS