Haugtussa

Garborg / Grieg med Ola B. Johannesen og Eir Inderhaug

Garborg sin tekst og Grieg sin musikk er kvar for seg ei stor oppleving. I dette programmet er dei satt saman til eit sjeldan møte med begge, der teksten og musikken spelar på lag. Ola B. Johannessen har tilrettelagt materialet slik at vi gjennom møtet med Garborgs og Griegs versjonar får ei komplett oppleving av historia til synske Veslemøy.

Haugtussa er eit verk rikt på stemningar, tankar og følelsar i spennet frå ung kjærleik til samfunnskritikk, frå naturlyrikk med preg av Jærnaturen og til mystikkens verden. Garborg brukar element frå folkediktinga og også inntrykk frå norsk folkemusikk har vore med på å gje verket eigenart. Om Garborg sin tekst skreiv Grieg at «Det er en helt genial bok hvor musikken egentlig allerede er komponert. Man behøver bare å skrive den ned.»

Ola B. Johannessen er for mange ein institusjon av skodespelarkunst. Her har han på ein ny måte satt saman og resiterer eit utval av Garborg sine tekster. Den legendariske sopranen og formidlaren Eir Inderhaug akkompagnert av Thormod Rønning Kvam (piano) gjev oss si tolking av Edvard Grieg sin musikk.

Diktverket «Haugtussa» har blitt stemt fram til «Norges største lyriske fortelling» og Grieg sin musikk er internasjonal anerkjent. Om «Haugtussa» hadde blitt ført i pennen på eit verdsspråk, hadde verket kanskje vore like kjent og kjært som Shakespeare sine sonettar?

Velkommen til ei eventyrlig oppleving!

Varighet Ca. 70 min

Tekstutvalg  Ola B. Johannessen

Regi og konsept Ola B. Johannessen, Eir Inderhaug og Thormod Rønning Kvam.