Dei som fer

Storslagent og nært om naturen og menneska

Eld, vatn og vindar har forma landskapet og menneska som bur her. Vi har gjennom tidene samla oss rundt leirbålet. Kvifor bur vi her? Kven er vi som bur her? Kvifor valte nokon å busetje seg her? Kvifor har vi blitt som vi har blitt?

Lavamassar har storkna og forma denne delen av moder jord; djupe fjordar, berg og høge fjell. No køyrer vi Golf GTI i Kaibakken, tek i land gass på Aukra, Vestbase sørvar oljeindustrien og rundt oss stormar hav og vindar mens vi får høyre at temperaturen stig. Når forholda rundt oss teiknar til å bli uleveleg tek vi menneske ulike val. Dottera, ektefellen og nære venner –  har alle det same håpet om ei betre framtid.

Dei som fer er eit unikt samarbeid mellom Mette Karlsvik og Arne Lygre, der dei har fletta saman tekstane Eg byrjar og Jeg forsvinner til ei storslagen framsyning og ei nær og sanseleg forteljing. Korleis blir menneskelege relasjonar påverka av elementa i naturen rundt oss? Og korleis påverkar menneska naturen - og kvarandre? 

Referansar til norrøn mytologi, naturvitskap, notidige observasjonar og moglege framtidsscenario nært knytt til Møre og Romsdal dannar rammeverket for ei historie som er tett på menneska. Forteljinga er ein inngang til å sjå seg sjølv og andre; kan vi eigentleg forstå eit anna menneske? Kan vi greie vi å setje oss inn i korleis andre sine liv fortonar seg? 

Vatn, vind, lys og skyar er tekne inn i scenografien. Musikken i framsyninga er inspirert av folketonar frå regionen som har ei styrkande og trøystande kraft. For fellesskapet rundt leirbålet finst kanskje framleis?

Under Operafestuka 2022 gjestar Teatret Vårt Kulturfabrikken i Kristiansund med ein eigen versjon av Dei som fer. Teksten og musikken vil vere hovudfokuset i denne spesialtilpassa framsyninga for Kristiansund. Mette Karlsvik har vakse opp på Frei og Nordmøre er ofte referansepunkt i tekstane hennar; tematisk, som natur, i menneske eller samfunnsmessige strukturar. 

Pressa om framsyninga

Terning 5.png
Vannvittig bra teater. 
Romsdals Budstikke
Med Dei som fer har Teatret Vårt fått ein flott start på 50-årsfeiringa si.
Norsk Shakespeare Tidsskrift
Scenografien er illustrerande, regien er stram, personinstruksjonen god, og det er framifrå ensemblespel.
Amund Grimstad for Klassekampen

Les program med bakgrunnsinformasjon om framsyninga, kunstnarleg lag og medverkande.

Premiere 28. januar 2022

Varighet ca. 1 time og 30 minutter (ingen pause)

Av
Mette Karlsvik og Arne Lygre

Regi
Mari Vatne Kjeldstadli

Scenografi, kostyme og lysdesign
Agnethe Tellefsen

Musikk
Ingvild Langgård

Regiassistent
Rania Broud

Med
Mari Strand Ferstad, Ingrid Myhre Løvik, Johanna Mørck, Kjersti Botn Sandal, Tov Sletta

Takk til
Arnstein Hoem.
Line Bjørnerem, Mary-Ann Bjørnerem, Anne Jorun Frostad, Ingvil Grytli, Anne Hungnes, Lena Håre, Steinar Johnsen, Anne Grete Kleven, Hilde Kortgård, Kristina Vik Myrvold, Kristine Nakken, Kjersti Nordbø, Anne Paustian, Unni M. Aspehjell Rishaug, Lise Ræstad, Heidi Skarvøy, Karin Skjetne, Olav Stavik.