Heddaprisen Lars Melsæter Rydjord Foto NTO.jpg
Lars Melsæter Rydjord (Foto: NTO)

Onsdag 14. mai blei det offentleggjort at Lars Melsæter Rydjord er nominert i kategorien Beste sceneprestasjon – musikkteater for rolla som Ivar Aasen i Eg har ikkje ord.

Heddajuryen skriver:
Med intuitiv evne til å finne den indre melodien i det distinkte språket og i de nyskrevne sangene, står skuespilleren like støtt i hovedrollen og i det virvlende ensemblet. Med solidaritet og bøtter av sjarm gir han nytt liv til en historisk skikkelse. 

– Dette er ei fantastisk melding å få, seier teatersjef Kristian Lykkeslet Strømskag. Det er ei stor anerkjenning når ein skodespelar frå ensemblet vårt har levert eit arbeid som blir vurdert til å vere blant det beste i landet, seier ein stolt teatersjef ved Teatret Vårt.

Lars er ein dedikert, hardtarbeidande og talentfull skodespelar. Han fortener verkeleg denne nominasjonen. Tolkinga av Ivar Aasen er eit utruleg godt arbeid som han med rette har fått mykje ros for. At ein uavhengig jury har vurdert dette som ei av dei fire beste prestasjonane denne sesongen, det er stort. Så er det fint å leggje til at nominasjonen er noko alle på teatret har ein del av. Teater er alltid eit stort gruppearbeid. Vi gler oss stort saman med Lars.

Teatersjefen held fram:
– Teatret Vårt har kvart år dei siste fire åra blitt nominert til Heddaprisen. At vi blir nominerte i år òg og slik held fram rekkja med nominasjonar, er viktig både internt og eksternt. Det er ei stadfesting på at vi produserer teater som er blant det beste som blir laga i landet. Heddaprisen er ein viktig målestokk både kunstnarleg og fagleg. At resten av landet ser at vi kvart år lagar framsyningar som har denne kvaliteten, har mykje å seie for interessa, rekrutteringa og omdømmet til teatret. Det blir laga veldig mykje bra teater i Noreg – og konkurransen er svært hard. Nominasjonen inspirerer oss til å halde fram arbeidet med å lage dei beste framsyningane. Det beste teatret blir til av gode idear, flinke folk og stort mot.

– Eg er særs overraska, seier Lars Melsæter Rydjord. Eg kunne ikkje tru det då teatersjefen ga meg beskjeden. Ein veit jo at Heddanominasjon og -pris hender kvart år, men ein går ikkje rundt og tenkjer på det i det daglege. Eg har samstundes hatt mål og delmål i mitt eige virke som skodespelar; eitt av dei er å bli Hedda-nominert, avsluttar Lars Melsæter Rydjord.

Prisutdelinga finn stad på Nationaltheatret 15. juni 2025.
Les meir om Heddaprisen 2025

Her er dei nominerte.

Bilete frå framsyninga kan lastast ned her.