jordmor_DSC02506.jpg
Jordmor på jorda

Denne hausten har jordmor Marta Kristine Andersdotter Nesje reist rundt i Møre og Romsdal med turnébussen til Teatret Vårt. Marta Kristine og dei andre karakterane i framsyninga, Jordmor på jorda, har stilt både seg sjølve og publikum «spørsmål som det nesten ikkje er mogleg å finne svar på», som Edvard Hoem formulerer det i romanen. «Slike spørsmål som alle menneske før eller seinare står overfor: Kor lang tid tek det å vinne folks hjarte? Finst det då ingen rett veg som eit rettferdig menneske kan følgje? Livets reknestykke går aldri heilt opp. Den som bøyer av for motstand, svik sitt kall. Men den som skal vinne, må også vera audmjuk. Å vise styrke tar eit år. Å bli audmjuk tar eit liv. Å sigre tar eit liv. Når sigeren er vunnen, er livet forbi. Men det at ein sigra, var det ikkje det som var livet?»

Sjølv om det er spørsmål som det nesten ikkje er mogleg å finne svar på, kan det hende det likevel finst svar. Når vi les, ser teater, høyrer musikk eller opplever kunst, kan vi sjå samanhengar og koplingar vi ikkje har oppdaga før. Ved å sjå verda gjennom blikket og formuleringar til andre, opnar det seg nye rom. Rom som tilbyr ny forståing for oss sjølve og dei rundt oss.

Året 2024 har vist oss at Teatret Vårt spelar ei rolle, ei viktig rolle. Vi skaper augeblikk som betyr mykje for mange, augeblikk som blir fleire og fleire. Når dei blir sett saman i ei scene, ei framsyning, eller i ein sesong eller til sist eit heilt år, så skaper dei samanheng, meining og fellesskap. Då betyr teater noko meir, då spelar Teatret Vårt ei viktig rolle.

I løpet av fjoråret har vi fått dele ei rekke augeblikk på scena saman med publikum i heile Møre og Romsdal. Det er i desse møta at teatret får liv! Vi har halde fram med å utforske nye perspektiv, utfordre grensene for kva teater kan vera, og vi har fortalt historier som angår oss som bur her. I dette har vi gitt rom for både store kjensler og viktige samtalar. Vi har skapt nye tankar, nye svar og dytta oss vidare i liva våre.

erbi_tiloss_DSC06922.jpg
Til oss fra de eldste

Vi starta 2024 med Til oss fra de eldste som reiste rundt på samfunnshus i fylket med historier om levd liv, basert på Linn Skåbers bok med same namn. Framsyninga Medea spissa spørsmålet om kor langt vi er villige til å gå for hemn, eit spørsmål som kjennest heilt nødvendig å stille i denne verda vi no lever i. Overgangen er stor til Det mørke fortet – eit gamingeventyr om Minecraft og vennskap. Framsyninga var produsert i samarbeid med Riksteatret og Hålogaland Teater og traff ungdomane i deira eigen verd. I Norsk sangbok oppstod det både magi og forviklingar når den kreative songgruppa forsøkte å presentere klassikarar frå boka Norsk sangbok og samstundes undersøke det norske fellesskapet anno 2024. For dei minste reiste vi ut med Teaterrottene, ei passe rampete barneframsyning om ein rottegjeng som bestemmer seg for å lage teater. Hausten opna med Jordmor på jorda som besøkte alle kulturhusa og med den største publikumsinteressa i teateret si historie. Den interaktive framsyninga Brannen tok for seg bybrannane i Ålesund og Molde og lot publikum delta både som besøksklasse i 1903 og 1916, og via digital historieforteljing. Kongen av Veøy tok for seg livet til eventyraren Jonas Lied og viste fram hans påverknad her heime, men også korleis eit enkelt liv kan prege verdshistoria. Til jul presenterte vi ein heilt nyskriven versjon av Tonje Glimmerdal. Då kom endeleg Tonje heim til Møre og Romsdal og gjennom hennar blikk såg vi fylket vårt med nye auge. Med Hjelp, det er jul igjen laga vi julekomedie til eit fornøgd og påkopla publikum før julebord, ei øving i fellesskap som både er viktig og nødvendig. Til sist, heilt ved årets slutt, lot vi orda og musikken få fokus i den vesle framsyninga Piken med svovelstikkene. Her fann vi tilbake til teatret i si reinaste form der skodespelarane og publikum var tett på og tolka orda saman.

Brannen-12.jpg
Brannen

Når vi på tampen av året tillèt oss å sjå tilbake, er det med stor takksemd. Takksemd over å sjå kva teater kan bidra med i livene våre. Dette året har gitt oss mange fleire tilbakemeldingar enn vanleg. Fine kommentarar, mykje godord og takk for framsyningane vi lagar. Det har skjedd i teaterrommet i direkte kontakt med publikum. Men også på alle andre stader; i butikken, på gata, i svømmehallen, på bussen, på skolar, barnehagar for å nemne noko. Dei magiske augeblikka i scenerommet lever lenge etter at framsyninga er slutt. Mange har med seg opplevingane i dagar og veker, ja kanskje år. Dei deler dei med fleire. Slik blir augeblikka levande og lever lenge.

Teateret er ein av få stader der fellesskapet lagar augeblikka saman. Teatersalen er eit lite samfunn i seg sjølv. Vi skapar eit eige lite vi. I teateret er det å vera saman heilt konkret. Å sjå teater saman, det er ei kollektiv oppleving som styrker fellesskapet. Vi deler ei felles erfaring, og den emosjonelle reaksjonen på ei framsyning kan skape eit band mellom menneske, uavhengig av bakgrunn. Teater samlar menneske frå ulike livssituasjonar og byggjer bruer mellom samfunnsgrupper. Vi møtest som enkeltmenneske og går ut som eit fellesskap.

erbi_tingh_DSC06789.jpg
Kongen av Veøy

Teater gir oss sjansen til å sjå verda gjennom auga til ulike mennesketypar. Dette bidrar til å utvikle empati og forståing for menneske med annan bakgrunn og livssituasjon. Publikum kan oppleve kjensler og perspektiv dei kanskje ikkje er kjende med, noko som kan bidra til personleg vekst. Teater har ei unik evne til å røre ved, utfordre, lære og engasjere. Det er ei kunstform som kan gi oss både djupare innsikt i oss sjølve og verda, samt bidra til å skape eit meir ope og forståingsfullt samfunn. At vi treng det i dag synest meir og meir klart.

_90A9953-Forbedret-NR kopi.jpg
Tonje Glimmerdal

Teatret Vårt har i 2024 vore eit viktig samlingspunkt for menneske i regionen, uavhengig av alder, bakgrunn og interesser. Gjennom framsyningane våre, både for vaksne og barn, skaper vi eit opent og felles rom for oppleving og refleksjon. Publikum samlast for å dele på dei emosjonelle og tankefulle opplevingane teateret gir, og dette styrkjer fellesskapskjensla i lokalsamfunnet. Teatret Vårt er ein viktig møteplass for samtalar og tankar i Møre og Romsdal. Vi trur det blir viktigare og viktigare å skape dette rommet, slik at vi saman kan finne svar på alle desse spørsmåla det nesten ikkje er mogleg å finne svar på. For er det ikkje det som er sjølve livet?

God jul og godt nytt år!

Kristian Lykkeslet Strømskag teatersjef Teatret Vårt