Eg kom fort fram til at stykket rett og slett er for godt til å forsvare ein total makeover. Men kanskje gjekk det an å kutte ein del scener? Kanskje kunne eg ta ut nokon av personane? Forenkle, stramme kraftig inn? Men Villanden er så finurleg komponert at alt som blir sagt og gjort er med på å bygge karakterane, gi dei motiv til å handle som dei gjer, og dra publikum med på den intense ferda mot katastrofen.

For meg blei løysinga å slipe forsiktig ned, slipe i mange omgangar – og iblant hente ting inn igjen når eg såg at eg hadde slipt av ein for stor bit. Det som villig lét seg slipe vekk, var dei snirklete talemåtane frå Ibsens tid. Men det er uhyre viktig at innhaldet i det som blir sagt kjem klart fram. For språket har ein klar og sterk funksjon i dette stykket.

Måten Hjalmar Ekdal og Gregers Werle ordlegg seg på, skaper forvirring hos den unge Hedvig. Ho er van med at faren er teatralsk og stadig overdriv. Men så kjem Gregers med sin skepsisisme og sine underlege utsegner: Om at loftet ikkje er eit loft og at han heller ville ha vore ein hund. Noko som får Hedvig til å seie til mora at ho trur han meiner noko anna enn det han seier, heile tida. Til slutt stoler ho ikkje lenger på det ho høyrer, språket mistar meining for henne.

Eit anna aspekt ved stykket som det har vore viktig å få tydeleg fram, er den store forskjellen mellom familiane Werle og Ekdal. Det handlar ofte om pengar hos Ibsen, pengar og makt. Her handlar det også om idealisme på avvege. Når Gregers vil ordne opp i skaden faren har påført familien Ekdal, held han i grunnen berre fram med å valse over familien. Blinda av idealisme ser han ikkje at også han er del av det kapitalistiske systemet som ikkje tar omsyn til verken menneske eller natur.  

Ifølge Ibsen-forskaren John Northam oppheld familien Ekdal seg i «the dim green mystery». Ein slags barnleg uskuldstilstand, tenker eg, der Hjalmar og faren ikkje berre leikar seg, men også jaktar på ordentleg, i den kunstige skogen som dei har skapt seg på mørkeloftet.

For meg var det interessant å oppdage at det også er ein viktig grøn tråd gjennom stykket. Ein tråd som har tråkla seg heilt fram til vår tid, med stadige diskusjonar om korleis vi forvaltar naturressursane våre, ikkje minst skogen. Kanskje er det fleire enn meg som ser Gamle Ekdals dystre utsegn: Skogen hevner i lys av ekstremværet vi har hatt i sommar? På den tida Ibsen skreiv Villanden, var han opptatt av tidas «naturanskuelse». Eg opplever dette som eit viktig tema i stykket, som eg håper det lykkast å løfte fram.

For den vesle familien Ekdal dreier livet rundt dette mystiske, rotete, dragande loftet – den døde naturen med sine levande dyr. Berre Gina står litt utanfor den underlege kvasi-naturen. Ho er kanskje den karakteren som trong mest modernisering. I originalteksten er ho nærast litt udanna, seier ord feil og sånn. Eg har tillate meg å heller gjere henne meir jordnær og praktisk. Men heller ikkje ho klarer å sjå dotter si, å skjøne at Hedvig har mista fotfestet og er i ferd med å falle. I dette stykket er det rett og slett ingen vaksne heime.

Få også med deg Brit Bildøen på Opplev Mer: Villanden

Bilde Brit om Villanden kvadrat.png