Hopp til innhold

Leika leiken

For første gong på scena: Leika leiken av Jon Fosse

For aller første gong blir hørespillteksten Leika leiken vist på ei scene. Dette er eit leikent og underfundig mini-skodespel av nobelprisvinnaren Jon Fosse.

Midt i Kafé Kurt vil Leika leiken utspela seg mellom oss alle. Slik ein leik eit barn finn på, brått kan oppstå. Det er ein leik med teatret, med filosofiske undertonar. Ein morosam og tankevekkjande tekst om kvardagen og livet.

Den vaksne vil gå heim. Barnet vil leika.
Barnet får viljen sin, og dei byrjar å leika leiken barnet har funne på.
Den vaksne skal stilla seg i midten. Men kvar er midten?
Barnet instruerer, og den vaksne følgjer motvillig.
Den vaksne er uroleg for at nokon skal sjå eller høyra, redd for å verka galen.
Men dei leikar leiken. Så godt dei kan.

Leika Leiken blir mogleg å oppleve heile tre gongar under årets Teaterfest, mellom anna under selve opninga av årets Teaterfest.

Premiere
11. mars 2026
Varighet
ca. 15 minutt

På scenen

Bjørnar Listher Teigen

Bjørnar Listher Teigen

Skuespiller

Les mer
Sara Fellman

Sara Fellman

Skuespiller

Les mer

mars

Ingen bilde
Leika Leiken (del av opninga av Teaterfest)
Gratis
Onsdag 11.3. kl 18:00
Kafe Kurt
Gratis
Ingen bilde
Leika leiken
Gratis
Lørdag 14.3. kl 18:00
Kafe Kurt
Gratis
Ingen bilde
Leika leiken
Gratis
Søndag 15.3. kl 17:30
Kafe Kurt
Gratis
Leika leiken | Teatret Vårt