Hopp til innhold
Bilde opning Teaterfest 2026

Opning av Teaterfest 2026

Ein kveld i Jon Fosse sitt univers

Teaterfest 2026 opnar onsdag 11. mars med ein helaften viet Jon Fosse. Kvelden startar med ei heilt spesiell hending: For første gong blir Jon Fosse sin hørespilltekst Leika leiken vist på ei scene.

Midt i Kafé Kurt oppstår leiken mellom barn og vaksen, mellom alvor og leik, mellom oss. Eit leikent, underfundig og tankevekkjande mini-skodespel frå nobelprisvinnaren Jon Fosse.

I del to får vi møte ein av landets fremste forteljarar, den erfarne Fosse-opplesaren Anderz Eide. Han gir oss ei smakebit frå Fosses roman Morgon og kveld – før han opnar festivalen offisielt. Dagen etter kan publikum oppleve Anderz Eide lese heile romanen live.

Same dag opnar Kunstsenteret ei lita Fosse-utstilling, som gir publikum høve til å møte forfattarskapen også visuelt.

Ei opning som set tonen for ein fullstappa Teaterfest - og ei oppleving ein ikkje vil gå glipp av.

mars

Opning av Teaterfest 2026
Opning av Teaterfest 2026
Gratis
Onsdag 11.3. kl 18:00
Kafe Kurt
Gratis
Opning av Teaterfest 2026 | Teatret Vårt