Hopp til innhold
Ekstra Husjomfru

Ekstraframsyningar av Husjomfru

Teatret Vårt opplever ei svært stor interesse for framsyninga Husjomfru av Edvard Hoem, som er den siste romanen i slektskrønika hans. – At vi no må setje opp ekstraframsyningar, er svært gledeleg. Den store interessa for Husjomfru viser at publikum kjenner romanen til Edvard Hoem godt, og at dei veit at Teatret Vårt kan lage gode framsyningar. Dette er ei framsyning vi håpar vi kan spele mykje og lenge, seier Kristian Lykkeslet Strømskag som er teatersjef ved Teatret Vårt.

Allereie før urpremieren var mange av framsyningane utselde, og no set teatret opp ekstraframsyningar i Molde og Kristiansund.

– Det er ei stor kunst å fortelje eit heilt liv med éi stemme. Det gjer skodespelar Anne Wiig med styrke og nærleik. Ho ber historia fram på scena med eit naudsynt menneskeleg nærvær. Responsen frå publikum og meldarar er einsarta. Husjomfru har vorte ei verkeleg god framsyning som rører og begeistrar, seier teatersjefen.

Romsdals Budstikke gav Husjomfru terningkast fem og skriv: «Husjomfru – et bredt bilde av et liv i forsakelse», og «Her sitter jeg og 70 andre publikummere fjetret. Anne Wiig framstår som den mangesidige Julie Elisabeth i alt sitt kapable vesen».

– Historia om Julie Elisabeth Hoem er ei viktig historie som må forteljast og visast på teaterscenene i Møre og Romsdal. I ei tid der mange av oss kjenner på lengsel etter tilhøyrsle, fellesskap og det å bli forstått, håpar eg denne framsyninga kan spegle noko av det som bur i oss alle. Kanskje kan Julie Elisabeth vise oss at eit menneskeliv er like mykje verd, sjølv om det ikkje er det som ropar høgast og er mest synleg, avsluttar Lykkeslet Strømskag.

Ekstraframsyningane i Molde blir 10. og 11. april, medan ekstraframsyninga på Normoria i Kristiansund blir 12. april.

Pressebilete