Anderz Eide kjem til Teaterfest med det han meiner er ei av verdas finaste bøker
Når Anderz Eide tek med seg Morgon og kveld til Teaterfesten, inviterer han publikum inn i ei heilt spesiell stund. Ei forteljing om kjærleik, liv og død, lesen høgt og delt slik at vi verkeleg kan lene oss tilbake og bli boren inn i historia.
Kva ynskjer du å formidle med opplesinga?
Morgon & kveld er etter mi meining ei av verdas finaste og beste bøker. Den fortel om ein vanlig og samstundes uvanlig dag i livet til enkemannen og fiskaren Johannes. Dette er ei bok som handlar om dei store spørsmåla i livet, kjærleiken og døden med kulissene til ei heilt vanlig vestlandsbygd. Dette er ei bok alle burde lese. Den går rett i hjarta.
Kvifor bør vi velje å oppleve romanen som lydbok live?
Boka er passelig lang til å lesast live . Dessutan kvir mange seg med å lese Jon Fosse sine bøker fordi han har ei litt krevande form med lite tegnsetting og mykje repetisjon. Når eg les høgt for deg treng du ikkje tenke på det då kan du berre lene deg tilbake og synke inn i historia.Alle treng å bli lest for og dette er boka du må høyre!Hva er ditt forhold til Teatret Vårt? Eg har vitja Teatret Vårt to gonger ein gong med eit gjestespill med Trøndelag teater i 2003 og seinast i fjor under Bjørnsonfestivalen. Eg har hatt det heilt strålande kvar gong. Ein gong vestlandsgut alltid vestlandsgut.
Kva opptar deg for tida?
Akkurat no er eg på filmopptak i Måløy men ellers jobbar eg med ei veldig spennande monologframsyning eg håpar å presentere snart. Kanskje kjem eg tilbake til Teateret Vårt med den, kven veit?
