Vårsøg 75 år

Sommerro sin hyllest til Hyldbakk og freden

Hans Hyldbakk skreiv Vårsøg i 1945. Diktet uttrykker gleda over våren - og over frigjeringa som var i anmarsj. I anledning 75-årsjubileet inviterer vi til teaterkonsert og feiring av ein kjær diktar.

Henning Sommerro og eit handplukka ensemble med John Pål Inderberg, Sara Fellman og Julie Støp Husby tek deg med på ei musikalsk reise i Hyldbakk sin verden. Sommerro har laga nye versjonar av sine vakre melodiar, og med unike lydopptak og Kleiva-brev kan vi sjå på Hyldbakk sitt liv og tekster med eit nytt blikk

Velkommen til ei feiring Hyldbakk – og freden! 


...i  år er trua og vona større og rikare enn nokon gong før, for no lovar våren meir enn på lenge, (...) det ser ut til at sommaren kjem med den freden i fanget, som vi har venta så sårt på. Alt tyder på at no kan det ikkje vera lenge att før krigen er slutt."  Frå Vårbrev 1945, Hans Hyldbakk


"Spill levende Hyldbakk-hyllest". Terningkast 5, Romsdals Budstikke



Hausten 2020 skal Vårsøg 75 år på turné i Møre og Romsdal.


Trygge rammer
Når vi no opnar dørene til teatret igjen, skal alle vite at det er trygt å besøke oss. For å sikre god avstand mellom publikum, blir billettar solgt på anankvar seterad og med eit sete mellom kvar billettkjøpar. Kun medlemmar av samme husstand kan sitte samla. Utfyllande informasjon om smittevern ved teaterbesøket vil bli sendt på epost til alle i publikum på førehand. 


Kjøp billett

Premiere 17. juni 2020

Varighet 70 minutter (ingen pause)

Tekster
Hans Hyldbakk 

Musikk
Henning Sommerro

Regi
Kristian Lykkeslet Strømskag

Tekstutvalg
Svein Sæter

Dramaturg 
Julie Støp Husby

Medverkande
Henning Sommerro, John Pål Inderberg, Sara Fellman, Julie Støp Husby

lørdag 31.10. kl 18.00
Vårsøg 75 år
Teatret Vårt, Molde
søndag 1.11. kl 14.00
Vårsøg 75 år
Teatret Vårt, Molde
søndag 1.11. kl 18.00
Vårsøg 75 år
Teatret Vårt, Molde