Hopp til innhold
Tonje Glimmerdal

Tonje Glimmerdal

Ei familieforestilling med fart og sjølvtillit!

Tonje Glimmerdal er tilbake! Publikum har gjort Tonje Glimmerdal til ein ekte suksess, og for tredje året på rad inviterer vi til fart, latter og hjartevarme frå Glimmerdalen.

Tonje er på mange måtar Norge si Pippi Langstrømpe. Ho er den einaste ungen i Glimmerdalen, og den tøffaste jentungen dalen har sett, der ho herjar nedover fjellsidene på ski.

Alle likar Tonje, unntatt den kyniske business-campingplass-eigaren Klaus. Han likar ikkje born i det heile teke og har innført forbod mot born på det han kallar ”Hagen-Helsecamping”. Bestevennen til Tonje er gamle Gunnvald, ein bisk felespelar på over sytti år. Dei to kjenner kvarandre ut og inn – eller gjer dei eigentleg det? Ein dag då Gunnvald er på sjukehuset med broten fot, forstår Tonje at Gunnvald har ein stor løyndom han ikkje har røpt for bestevennen sin. Brått får Tonje mangt å rydde opp i, og det blir ein kamp for å berge lykka og feletonane for verdas beste bestevenn, godt hjelpt av mottoet: 'Fart og sjølvtillit'.

Tonje er ikkje ei jente som gjev opp lett. Ho veit å ta ting i eigne hender og forvandle det vonde til noko godt. Det er ikkje gjort på ein, to, tre. Ho er snart ti år gamal, og så klok og så smart at ein skulle tru ho var hundre! Vil Tonje klare å ordne opp i alle problema som dukkar opp?

Tonje Glimmerdal på Teatret Vårt er ei forestilling basert på den kjende og godt likte boka, og hadde premiere i november 2024. Kjersti Sandal har skrive ein nær, varm og stemningsrik versjon av den populære forteljinga. Anne Wiig spelar Tonje Glimmerdal med varme, humor og action i denne spektakulære forestillinga. Sindre Klykken har skrive musikken, akkompagnert på fele av Britt Elise Skram, medan scenograf Dagny Drage Kleiva har trylla fram ei leiken og fantasifull verd som vil fenge og fortrylle publikum.

Bli med på eit varmt og actionfylt eventyr i Glimmerdalen!

Premiere
12. november 2026 (Nypremiere)
Varighet
ca. 1 time
Passer
alle fra 4 år

Anne Wiig

Anne Wiig

Skuespiller

Les mer
Sara Fellman

Sara Fellman

Skuespiller

Les mer
Johanna Mørck

Johanna Mørck

Skuespiller

Les mer
Kjersti Sandal

Kjersti Sandal

Skuespiller/regissør

Les mer
Gallery image 1
Gallery image 2
Gallery image 3
Gallery image 4
Gallery image 5
Gallery image 6
Gallery image 7
Gallery image 8
Gallery image 9
Gallery image 10
Gallery image 11
Gallery image 12
1/12

DIGITALT PROGRAM

Digitalt program