Slåttekar i himmelen

Edvard Hoem si første bok om slåttekaren blir teater

Om menneskeleg livskraft, mot, tvil og håp.

Nesje, eller slåttekaren som han blir kalla, er enkemann og har ein son å ta seg av. Han finn kjærleiken på ny med Serianna, ei kvinne som røyker pipe og får Nesje med på seifiske. Gjennom eit liv med hardt arbeid og store val, blir ungeflokken større. Kvardagen er eit slit for å skaffe familien eit verdig liv, som hos så mange småkårsfolk langs Romsdalsfjorden. Draumen om ein ny start gjer at mange vel å selje ut, bryte opp og setje kursen over til det lova landet i vest. Gjertine, søstera til Serianna, drøymer om å dra, sjølv om ho er berre ungjenta. Det begynner å kome brev frå utvandrarar som fortel om ein frodig, men også ugjestmild prærie som skal bli til gardsbruk og heim. 

Dei fire bøkene i slektskrønika Slåttekar i himmelen; Slåttekar i himmelen, Bror min på prærien, Land ingen har sett og Liv andre har levd har hatt eit opplag på eventyrlege 330 000 bøker og vunne ein stor lesarskare. Bentein Baardson har regien på Slåttekar i himmelen, ei oppgåve han ser på som ei stor utfordring. – Eg gler meg og kjenner ærefrykt i møte med slåttekaren, seier regissøren.

Alle framsyningar i Molde og turne er utsolgt. Det norske teatret i Oslo har fortsatt nokon ledige billettar.

Pressen om Slåttekar i himmelen
"Edvard Hoems medrivende og menneskelige fortelling om menneskers slit, strev og drømmer har funnet en verdig vei til scenen", VG - 5.
"Det stillferdige og det storslagne møtes i «Slåttekar i himmelen», en teaterforestilling som bringer nær historie nærmere", Dagbladet - 5.
"Den første i Edvard Hoems romansyklus om den norske utvandringen til Amerika er blitt en åpenbaring som teater i Bentein Baardsons gjennomført stilrene regi", Aftenposten - 5.
"Skarpslipt og skjebnetung", Dagsavisen - 5.

"Lågmælt og vakkert", Klassekampen

"Eit nydeleg underspelt stykke bygd på Edvard Hoems roman", Bok365.no - 6.

"Solid handverk i alle ledd", Norsk Shakespeare tidsskrift.

Trygge rammer
Les meir om korleis vi handterer smittevern ved Teatret Vårt.

Kjøp billett

Premiere 15. august 2020

Varighet 2 timar og 30 minutt (inkludert pause)

av
Edvard Hoem

Dramatisering av
Kristian Lykkeslet Strømskag

Regissør
Bentein Baardson

Scenograf
Arne Nøst

Kostymedesignar 
Ingrid Nylander

Videodesignar
Reidar Andreas Richardsen

Lyddesign
Nils Wingerei

Lysdesignar
Torkel Skjærven

Dramaturg
Carl Morten Amundsen

Skodespelarar
Jon Bleiklie Devik, Heidi Gjermundsen Broch (Oslo)/Kjersti Botn Sandal (Møre og Romsdal), Sara Fellman, Bjørnar Lisether Teigen, Julie Støp Husby, Svein Roger Karlsen, Unn Vibeke Hol, Andreas Koschinski Kvisgaard.

Samproduksjon med 
Det Norske Teatret 

Urpremiere Det Norske Teatret 
7. mars 2020

torsdag 24.9. kl 19.30
Slåttekar i himmelen
Teatret Vårt, Molde
Utsolgt
fredag 25.9. kl 19.30
Slåttekar i himmelen
Teatret Vårt, Molde
Utsolgt
lørdag 26.9. kl 15.00
Slåttekar i himmelen
Teatret Vårt, Molde
Utsolgt