Dei kallar han Tollak til Ingeborg. Alle veit om den gamle stabukken som bur oppe ved sagplassen. Alle veit at ungane hans ikkje kjem heim så ofte. Alle veit han tok til seg han dei kalla Oddotosken. Og alle hugsar den gode kona hans. Men det er noko folk ikkje veit.
Det er på tide å fortelje.
Lesaraane og kritikarane vart vilt begeistra då Tollak til Ingeborg av Tore Renberg kom i 2020. Historia om stabeisen Tollak rører folk over heile landet med 70.000 selde eksemplar av romanen. No kjem sceneversjonen på turné med Riksteatret, dramatisert av forfattaren sjølv. Fem skodespelarar står på scena i dette intense familiedramaet om kjærleik og blodsband, om vald og avmakt, og om forskjellen mellom alen furu og billeg gran.
Sagt om boka:
Intet mindre enn en drivende god og ubehagelig litterær thriller. VG
Noe av det beste Tore Renberg har skrevet Aftenposten
Det er eit uhyre sterkt portrett og eit intenst familiedrama. NRK
Et mannsportrett, en tragisk familiehistorie, en kulturkritikk, en vakker bok om kjærligheten. Nettavisen
Blir sikkert ståande som ein av dei store i Tore Renbergs forfattarskap. Bok 365
Regien for sceneversjonen er ved Heddapris-vinnar Miriam Prestøy Lie. Musikken er ved Selma Stang, som har gjort suksess med sitt samarbeid med Aurora.
Varighet 1 time 45 minutter (ingen pause)
Dramatiker
Tore Renberg
Regissør
Miriam Prestøy Lie
Scenograf og kostymedesigner
Milja Salovaara
Lysdesigner
Martin Myrvold
Komponist og lyddesigner
Selma Frida Stang
Dramaturg
Cecilie Grydeland Lundsholt
Produsent
Silje Vigerust Vinjar
Medvirkende
Andrine Sæter, Kyrre Eikås Ottersen, Malene Wadel, Harald Nødtvedt
Produsert av Teater Vestland og Riksteatret