Vi er glade for at Olav Øyehaug Opsvik, direktør for Nynorsk kultursentrum, opnar Teaterfest. Opsvik har mastergrad i musikkvitskap frå Universitetet i Oslo og har tidlegare sete i styret for Moldejazz. Han seier han derfor «føler seg heime på Plassen». Etter opninga går framsyninga Eg har ikkje ord – ein musikal om Ivar Aasen. Velkomen til Teaterfest!