Hopp til innhold
Isbjørnen Bjørnis og dei raude prikkane

Isbjørnen Bjørnis og dei raude prikkane

Bli med til ein stad der det er så kaldt, at sjølv orda rimar!

Figurteaterframsyning av Fnugg Teater

På toppen av jorda, i isbjørnparadis, bur den vesle isbjørnen Bjørnis saman med selar, fiskar, ismåkar og snøkrystallar. Ein dag får Bjørnis vondt i magen og oppdagar raude prikkar i maten sin! På nattehimmelen kjem det fleire dansande raude prikkar han aldri har sett før, kor kan dei kome frå? Det er duka for prikkejakt! «Isbjørnen Bjørnis og dei raude prikkane» er ei leiken og visuell framsyning, med bruk av både dukker, masker og eigenkomponert musikk. Bli med til Svalbard og bli kjent med dyra som lever der!

Teikneverkstad før framsyninga
Kom litt tidlegare og bli med på teikneverkstad.
Her kan du fargeleggje fiskar og dyr du kan møte på Nordpolen. Du kan også klippe dei ut og lage ditt eige dukketeater av dyra.

Etter forestilling kan du nyte fiskeburgere fra Fisketorget, saft og kaffe, som er inkludert i billettprisen. Kun kr. 150,- per billett på alle Teaterlørdager.

Varighet
ca. 40 min
Passer
alle frå 3 år

Isbjørnen Bjørnis og dei raude prikkane | Teatret Vårt