Gudspartikkelen

av Svein Tindberg og Kjetil Bang-Hansen

Svein Tindberg og Kjetil Bang-Hansen er tilbake med nok ei framsyning med undring over temaet å tru på noko større. Gudspartikkelen gjester Molde, Ørsta og Festspillene i Kristiansund i anledning Møre Bispedøme si 40- års markering.

Tru og vitskap blir ofte sett opp som motsetnader. Vitskapen byggjer på fornuft, teoriar og eksperiment, mens trua byggjer på mytar, tradisjon, gamle heilage skrifter og dogme. Men det er ikkje sikkert motsetnaden går slik når det kjem til stykket. For når vi nærmar oss det ukjende, slik vi gjer det i partikkelfysikken til dømes eller i astrofysikken, så er det som om vitskap og tru nærmar seg kvarandre igjen. For kva er eigentleg skilnaden mellom fysikkens «big bang» og Guds «bli lys»? Er det ikkje berre ulike måtar å utrykkje seg på, ein matematisk-fysisk teori og ei forteljing?

Terning 6-kopi.jpeg

Gudbenådet om gudspartikkelen AFTENPOSTEN

Terning 5.png

Forestillingens store styrke er Tindberg selv, som er en mester i formidling DAGSAVISEN

Svein Tindberg har en unik evne til å fortelle historier VÅRT LAND

Høyr Svein Tindberg om språk, tru og Peppa gris
Korleis går det an å hugse ein monolog kveld etter kveld, kor mykje tekst er det plass til inni eit hovud og korleis er det for ein groruddøl å jobbe på nynorsk? Skodespelar Svein Tindberg snakkar om forholdet sitt til språk og tekst, om eit langt liv på Det Norske Teatret og om korleis det er å ha ei stemme som dei aller fleste i Noreg har høyrt på barne-TV.

Programleiarar er språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås. Produsert av Ole Herman Andersen.

Kjøp billett

Med
Svein Tindberg

Omsetjingar
Inger Johanne Sæterbakk

Regissør
Kjetil Bang-Hansen

Scenograf og kostymedesignar
Milja Salovaara

Lyddesignar
Ole Herman Andersen

Lysdesignar
Øyvind Wangensteen

Konsulent
Gaute Einevoll

Det blir nytta scenerøyk i framsyninga.

Gjestespel frå Det norske teatret i samarbeid med Møre Bispedømme. 

søndag 17.9. kl 18.00
Gudspartikkelen
Teatret Vårt, Molde
mandag 18.9. kl 19.30
Gudspartikkelen
Teatret Vårt, Molde
tirsdag 19.9. kl 19.00
Gudspartikkelen
Festiviteten, Kristiansund
onsdag 20.9. kl 19.00
Gudspartikkelen
Ørsta kulturhus, Ørsta