Hopp til innhold
Musa som samla på solskin

Fredrik - Musa som samla på solskin

Ei teateroppleving full av fargar, fantasi og musesprell

Det nærmar seg vinter, og museflokken har det travelt. Alt må vere klart. Frø skal samlast, strå skal berast – ingen har tid å miste. Bortsett frå Fredrik. Han sit berre der. Ser. Lyttar. Samlar noko heilt anna. Kvifor? Grunnen skal vise seg å vere heilt magisk.

I denne framsyninga blir barna sjølve ein del av historia.

Dei blir med inn i museflokken og eit levande og leikande univers, der det som ein ikkje kan ta på, gjerne viser seg å vere det ein treng aller mest.
Forestillinga bygger på den klassiske bildeboka av Leo Lionni.

Kle deg som mus!
Vi oppmodar foreldre om å la barna kle seg som mus denne dagen, viss dei vil. Øyrer, halar eller ein brun genser er meir enn nok.

Før forestillinga kan barna delta i tegneverkstad! Fredrik ELSKAR å samle på ting, og ein av favorittane hans er teikningar. Derfor blir han veldig glad om barna lagar ei teikning med ei helsing til han når dei kjem på teateret. Teikninga kan dei legge i postkassa hans – han sjekkar postkassen OFTE, kan vi røpe. Barna kan òg lage ei teikning på førehand og ta med.

Etter forestillinga kan du nyte ein fiskeburger frå Fisketorget, saft og kaffe, som er inkludert i billettprisen. Kun kr. 150,- per billett på alle Teaterlørdager.

Varighet
ca. 40 minutt
Passer
alle frå 4 år

Gallery image 1
Gallery image 2
Gallery image 3
Gallery image 4
1/4

januar

Fredrik - Musa som samla på solskin
Fredrik - Musa som samla på solskin
Lørdag 31.1. kl 12:00
Arbeideren kulturhus
Fredrik - Musa som samla på solskin
Fredrik - Musa som samla på solskin
Lørdag 31.1. kl 14:00
Arbeideren kulturhus