Forfattarmøte

med Mette Karlsvik og Arne Lygre

Møt forfattarane i samtale om tekstsamarbeidet til framsyninga Dei som fer.

Dei som fer er eit unikt samarbeid mellom Mette Karlsvik og Arne Lygre, der dei har fletta saman tekstane Eg byrjar og Jeg forsvinner til ei storslagen framsyning og ei nær og sanseleg forteljing. Her får du møte dei i ein samtale om korleis dei har arbeidd i prosessen fram til ferdig manus. Korleis kom dette samarbeidet i stand? Kva har vore til inspirasjon, kva har skapt motstand og no etter å sett premieren -  kva sit dei igjen med?

Alle med billett til framsyninga samme kveld er sikra plass på arrangementet. 

lørdag 29.1. kl 17.00
Forfattarmøte
Kafé Kurt, Molde