Eg har ikkje ord

Ein musikal om Ivar Aasen

Kor spennande kan ein musikal om Ivar Aasen vere? Meir enn du trur! Bak ordlistene og grammatikkens strenge reglar ligg eit dramatisk livsval. For Aasen handla ikkje språkarbeidet berre om bøyingar og pronomen – men om å gje opp kjærleiken for eit større mål.

Kva verdi har det å finne eit nytt ord for «eg elskar deg» om ingen seier det til deg? Kva er vitsen med å finne eit nytt ord for kjærleik, dersom du ikkje har nokon å gje kjærleik til?

Som ung tjueåring vart Ivar Aasen forelska og forlova seg, men han vart rådd til å gje slepp på kjærleiken for å vie seg til språkarbeidet. Det valet skulle forme resten av livet hans. Han enda opp einsam i ei sliten leilegheit i Christiania – rik på pengar, men fattig på kjærleik. 

I musikalen vert Aasens indre kamp og personlege tap levande for publikum. Musikken er inspirert av den store Great American Songbook-tradisjonen og byr på både kraftfulle songar og nære, sårbare scener der Aasens indre kamp kjem til syne. Med ein dynamikk som vekslar mellom song, dans og sterke følelsar, vert publikum trekt inn i både dei store scenene fulle av energi og dei personlege møta der lengsel, kjærleik og offeret kjem tett på.

I ei tid der «ta vare på deg sjølv først» er mantraet, utfordrar denne musikalen den moderne tanken. Kva er eigentleg viktigast – å realisere seg sjølv eller å ofre noko for andre? Med humor og tragedie vovne saman utforskar framsyninga korleis Aasen vann kongeriket, men betalte med si eiga lukke. 

Velkomen til ein musikal om å satse alt, vinne fram, men bomme på det viktigaste.  







Terning 5 sort nytt design.png

Romsdals Budstikke gav terningkast 5 og skreiv: «Vakker reise i Aasens indre» og «Teatret Vårt jammen skal være stolt av. Noe å glede seg til å rulle av gårde med rundt om i fylket». Avisas anmeldar løftar òg fram manuset til Nils Petter Mørland: «Denne storyen er glitrende godt beskrevet og fortettet»

Vidare blir den musikalske og visuelle opplevinga trekt fram som ein fryd for publikum: «Dette er en musikal, og de musikalske elementene med sanger som var tilnærmet krystallklart framført, med deilige bakenforliggende harmonier og tidvis spektakulær koreografi i en enkel men finurlig og dønn fungerende scenografi er en nytelse». Også skodespelarane får strålande omtale: «Fabelaktige!», medan hovudrolla blir framheva spesielt: «Ivar var alltid Ivar, fantastisk spilt av Lars Melsæter Rydjord ... alltid med de små glimt av humor, timing, mimikk og kroppsspråk som gjør skuespiller Lars Melsæter Rydjord unik»

Avslutningsvis konkluderer anmeldaren: «En seier for språket. En seier for musikal som teateruttrykk. En seier for å ta elementer, epoker og personer opp fra historiens mørke kjeller og servere dette for et publikum av i dag. Og definitivt en seier for fenomenet Ivar Aasen»Ole Foss, Romsdals Budstikke

«Eit nytt og gripande blikk på Ivar Aasen» 
Tidens Krav har òg gitt musikalen ein svært god omtale: «Musikken var energisk, med fine klangar og gode stemmer. I stor grad bygger musikken opp kjensla av fart og framgang. Heile tida nye stader, reiser, møter og suksessar i stort tempo. Musikken er moderne i formen, men snur seg til det heimlege i siste scene. Ei fin og sterk vending. Dei finaste partia er der møtet med kjærleiken oppstår, der tvilen kjem og der han ser seg tilbake. Avslutninga er heilt magisk. Lars Melsæter Rydjord var sterkt til stades i rollen som Ivar Aasen.» Tidens krav

Kjøp billett

Premiere 19. mars 2025

Varighet 1 time og 30 minutt (ingen pause)

Manus og regi
Nils Petter Mørland

Komponist og musikkansvarleg
Håvard Gressum Antonsen

Scenograf og kostymedesignar
Dagny Drage Kleiva

Koreograf 
Stian Danielsen

Lysdesignar
Oscar Udbye

Musikalkonsulent
Emilie Tverbak

Dramaturg
Oda Radoor

Bakgrunnsinnhentar og manusbistad
Olaug Nilssen

Språkkonsulent 
Inger Johanne Sæterbakk

Med
Lars Melsæter Rydjord, Sara Fellman, Johanna Mørck, Anne Wiig, Anette Sissener Amundsen, Lars Halvor Andreassen

Studiomusikarar
Strykere
Steinar Andreas Rinde, Åsta Katrine Hovde, Per Kåre Fossum, Geir O. Heggdal

Bass
Sindre Klykken

Blås
Peter Wergeni

Komp/ tangent
Håvard Gressum Antonsen

Studioopptak er gjort hos Bjørn Ove Hagset, Hagsetunes

Kva skjer når ein lagar musikal om nynorskens far? Møt regissør Nils Petter Mørland og komponist Håvard Gressum Antonsen, som deler tankar om idéen bak Eg har ikkje ord.

Kva skjer når ein lagar musikal om nynorskens far?


Eg har ikkje ord hotellpakke Strawberry kvadrat B.png
fredag 28.3. kl 19.00
Eg har ikkje ord
Festiviteten, Kristiansund
tirsdag 1.4. kl 19.00
Eg har ikkje ord
ID-huset, Brattvåg
onsdag 2.4. kl 19.00
Eg har ikkje ord
Fosnavåg konserthus, Fosnavåg
torsdag 3.4. kl 19.00
Eg har ikkje ord
Sjøborg kulturhus, Ulsteinvik
fredag 4.4. kl 19.00
Eg har ikkje ord
Parken kulturhus, Ålesund
tirsdag 8.4. kl 19.30
Eg har ikkje ord
Teatret Vårt, Molde
onsdag 9.4. kl 19.30
Eg har ikkje ord
Teatret Vårt, Molde
torsdag 10.4. kl 18.00
Tapas før musikal
Kafé Kurt, Molde
torsdag 10.4. kl 19.30
Eg har ikkje ord
Teatret Vårt, Molde
fredag 11.4. kl 19.30
Eg har ikkje ord
Teatret Vårt, Molde
onsdag 23.4. kl 19.30
Eg har ikkje ord
Teatret Vårt, Molde
torsdag 24.4. kl 19.30
Eg har ikkje ord
Teatret Vårt, Molde
fredag 25.4. kl 19.30
Eg har ikkje ord
Teatret Vårt, Molde
lørdag 26.4. kl 18.00
Eg har ikkje ord
Teatret Vårt, Molde