UTVANDRERNE av Gustav Wenzel
TEKST Sverre Mørkhagen
TIL NYNORSK VED Inger Johanne Sæterbakk

Tilsynelatande skulle det ikkje vere nokon grunn til det. Svenskane hadde vore ute allereie på 1600-talet og etablert sin eigen koloni i Delaware på den amerikanske austkysten, mens danskane, med nordmenn på laget, bygde opp koloniar for slavehandel i Karibia utanfor kysten av Florida på 1600- og 1700-talet. Men dette var etableringar leia ovanifrå i det svenske og danske samfunnet. 

Bak den breie, folkelege utvandringa som voks fram i Noreg på 1800-talet, med det første utspringet sitt i Ryfylke, finn vi eit samfunn av kvardagsmenneske som passerte tolegrensa for folkeauke. Folketalet voks med aukande fart gjennom heile hundreåret. 

Knud Slovig i 1836
I den utvandringa som snart skulle bli utløyst, kom grunngivinga om tru i bakgrunnen. Det var i første rekkje utsiktene til ei god framtid for både utvandrarane sjølve og deira nye generasjonar som avgjorde valet. Folkehelsa hadde lenge vore i betring, og det var stadig færre fråfall i barneflokkane gjennom oppveksten. Det førde til eit aukande problem i bygder med reglane om odel- og åsetesrett som grunnleggande føresetnad. Garden og slekta hadde førerang som gjekk ut over det einskilde menneske. 

Så lenge den første gruppa frå «Restauration» hadde det vanskeleg, var det berre nokre svært få som tok sjansen på å følgje etter. Men i 1833−1834 fann dei nytt land mykje lenger inne på prærien, og her var vilkåra langt betre. Rykta om funnet nådde raskt heim til Sørvestlandet, og dermed kom reaksjonen. Det vil seie – ein av deltakarane i pionergruppa, Knud Slogvik, hadde lova kjærasten i Tysvær, Anna Hetletveit, å komme heim og gifte seg med henne, og så skulle dei reise i lag attende og byrje livet i Amerika. 

Det var då Knud kom attende til Tysvær i 1835 at noko verkeleg byrja å hende. Rykta om den heimkomne spreidde seg over store område, innover i Ryfylke, nordover til Sunnhordland og til og med Hardanger. Til saman 165 menneske, i hovudsak frå Ryfylke, blei med Knud til Amerika for å skape framtida si der. 
Dermed var den norske Amerika-utvandringa for alvor komme i gang. 


Haugianerne av Adolph Tidemand.jpg
Haugianerne av Adolph Tidemand

Sterk haugiansk utvandring
Frå denne byrjande straumen av menneske, spreidde ideen om utvandring seg nordover på Vestlandet via Voss og vidare til Sogn. Men det sterkaste trykket skulle danne seg oppover i bygdelaga og dalføra i det indre av Austlandet – først Telemark, så Hallingdal, Valdres, Gudbrandsdalen og Østerdalen. I denne tidlege fasen er dei fleste tilfella av utvandring knytt til pionerar frå ulike område og bygdelag; i fleire tilfelle reiste dei først over sjølv, så kom dei tilbake og fekk sambygdingar med seg til Amerika. 

I denne første bolken snakkar vi om ein periode på om lag tretti år, frå midten av 1830-åra til midten av 1860-åra. Tala var enno ikkje veldig store, men dei steig jamt og trutt – og i stadig høgare takt. Dei tidlege gruppene visste lite om kva dei reiste til, og alt i alt var det nok dei som leid mest, nettopp fordi det var så mykje dei ikkje var førebudde på. Dei blei ofte snytte for pengar, fordi dei var godtruande og høyrde på folk som tilbaud gode råd. 
Ein norsk nybyggarkoloni blei tidleg i 1840-åra etablert i nærleiken av Milwaukee, Wisconsin som eit eige haugianarprosjekt – den såkalla Muskego-kolonien. Heile eksperimentet var nær ved å velte grunna altfor stor tilflytting og problem med helse og lagring av mat. Men no var trongen til å forsøke på dette nye blitt så sterk og aukande at straumen ikkje lenger var til å stogge.  Muskego-kolonien kom til krefter att, og utvandringa generelt auka jamt og trutt gjennom resten av 1840-åra og 1850-åra.  


Borgarkrigen og Homestead Act
Men så – midt i 1860-åra oppstod det ein brå auke i utvandringstala, og grunnen til det var samansett. Dei første åra frå 1860 og framover var direkte katastrofeår i store delar av Noreg, med kalde somrar, tidleg frost og enorme regnskol over lengre periodar. Avlingane slo feil, og matforsyninga blei utilstrekkeleg. På same tid braut borgarkrigen ut i USA, og det bidrog mellombels til å bremse det som elles hadde enda med ein beinveges auke i utvandringstala. Det var berre ei utsetjing, for i Noreg heldt folk seg no orienterte om kva som gjekk føre seg i Amerika. Midt under krigen, i 1863, vedtok politikarane der den såkalla Homestead Act, ei bestemming som tilbaud gratis jord til alle som fann ho sjølv i såkalla «ledige» område. Mot ei uvesentleg avgift og løfte om å bu og bygge på eigedomen i minst fem år kunne dei på den måten skaffe seg 640 mål med eiga jord – etter norske tilhøve var det ein formidabel jordbrukseigedom. 

I 1865 var krigen over i USA, og i 1866 kom reaksjonen i Noreg. For første gong blei talet på norske utvandrarar til Amerika femsifra. Og no kom nordmenn frå nye område med i straumen av folk som søkte lukka på andre sida av Atlanterhavet – i første omgang Trøndelags-bygdene, og derifrå breidde ønsket om utvandring seg vidare nordover til Helgeland. Straumen av utvandrarar frå bygdelag og fjordstrok i det meste av landet vaks enormt. 

Lojalitet til slekta
Utvandringa frå område av Nordvestlandet fekk framleis ikkje den krafta som bygde seg opp i det meste av Noreg elles, og det er ingen som har kunna gi noka uttømmande forklaring på kvifor. Det kan skuldast at det ikkje var nokon der som stod fram og leia an, slik det var i andre delar av landet. Kan hende hadde det også med innstilling og gemytt å gjere. Dette er eit område der folket er kjende for å vere særskilt nøysame og energiske. Spora av forkynninga til Hans Nielsen Hauge har alltid vore endå sterkare her enn elles i Noreg, og Hauge lærte tilhengjarane sine å vere arbeidsame, sjølvstendige, uthaldande og tolmodige. 

Men folkeauken og samfunnstilhøva utvikla seg på same vis der som i resten av landet, og moglegheita som opna seg i Amerika, verka inn på tolmodet med dei rådande klasseskilja. Men oppbrota kunne sitje langt inne. Dei som hadde eit lite gardsbruk, hadde lært seg til at det var deira tryggleik i tilværet og ikkje noko ein gav ifrå seg frivillig. Eit langt og tillitsfylt forhold til ein storbonde i nærleiken var heller ikkje noko ein skusla vekk i ein lettsindig augneblink. I mange bygder oppstod det vondt blod mellom dei som braut med det gamle og drog til Amerika, og dei som heldt lojalt fast ved tradisjonar og oppgåver i det samfunnet dei hadde vakse opp i.  Håpet om ei betre framtid for ein sjølv og eigen familie fekk overvekt for nokon, mens plikta – og ærekjensla – heldt  andre tilbake, fast i det slektsbundne. 

Afskeden av Adolph Tidemand.jpg
Afskeden av Adolph Tidemand

To stemmer
Det var ikkje noko lett hjarte dei fleste utvandrarane forlot landet sitt med.
Utvandraren P. C. Brevig frå Foldereid i Nord-Trøndelag sette i memoarane sine ord på dilemmaet då familien braut opp og utvandra via Trondheim i 1867: Det var ikke ved Foragt for vort Fedreland, hvor vi har nydt saa meget godt. Skjønt fattig, ja saa fattig, at jeg erindrer som Barn, at vi hang i Klederne paa Mor og graad for Mad, og hun graad selv, for hun havde ikke Mad at give oss. 

Ein husmann frå Gudbrandsdalen følgde opp i bladet Husmanden 15. juni 1884. Innleiingsvis forsikrar han at fedrelandskjærleiken var like stor hos husmenn som i andre samfunnsklassar – det var tungt å forlate familie og kjære. Han parerte samstundes velkjende skuldingar om likesæle frå motstandarar av utvandring. Dessutan gav han ei førstehandsskildring av tilhøva for husmennene, slik dei var opplevd i siste halvdel av 1800-talet. 

De væsentligste Aarsager, hvorfor vi reiser, er følgende: Hvor hen vi vender os her i Landet, saa møder os en, som det synest, ugjennemtrængelig Sky. Vi kan ikke finne Veie hvorved vi kan undgaa at maatte vandre gjennem «Armodens Dal», om vi skal blive her. Haab om at vinde Sælvstændighed hjemme i Norge har vi saare lidet af. Vi ser os for Fremtiden bestandig sidesatte og trykkede af de høiere Samfunnsklasser. Det store Strandskille hviler paa os som en tung Byrde, der udmatter og saarer, ja krænker vor smule Æresfølelse. Denne Byrde synes os umulig at blive kvit paa anden Maade end ved at reise bort til det Land, der tilbyder sine Samfundslemmer baade Frihed og Lighed. 

Sverre Moerkhagen.jpg

Sverre Mørkhagen er journalist og forfattar, og har tidlegare gitt ut bøkene Farvel Norge. Utvandringen til Amerika 1825–1975, Drømmen om Amerika. Innvandringen fra Norge 1825–1900 og Det norske Amerika. Norsk innvandring i USA og Canada 1900–1975, som er den første samla framstillinga om den norske utvandringa til Amerika på meir enn 60 år.