Ein litt for utydeleg «Bartleby»
Eg er av den typen publikum som liker både å bli underholdt og utfordra i teatret. Då eg kom inn i teatersalen og såg tau hengande ned frå taket, tau i klaser over heile golvet og bruken av panelet på veggane i teatersalen - då gledde eg meg til å sjå eit teaterstykke som kanskje kunne utfordre og underhalde med absurditet og symbolikk. Og det gjorde delvis det.

Det er deilig å oppleve at skodespelarane breier seg ut i rollene sine, og alle hadde sine ting som var underhaldande og underfundige. Det var og fleire visuelle godbitar å finne på scena, ikkje minst på slutten av stykket. Men det var likevel noko som mangla for at det skulle bli den heilt store teateropplevelsen for meg. Eg skulle kanskje ønske det heile var litt meir...tydeleg! 

Kanskje endå meir bruk av humor ville tydeleggjort dei underliggande alvorlege temaene? Ville eg då blitt meir berørt av stykket? Eg syns den fantastiske scenografien blir for lite brukt i spelet, og det gjer at formålet med den blir utydeleg. Så trass i at eg er glad for at det er plass for absurd og utfordrande teater på scena, føles det som «Bartleby» har ein del potensiale som ikkje vart utnytta fullt ut. 

siv tone.jpg

Navn: Siv Tone Myklebust Lothe
Bosted: Malmefjorden
Alder: 37
Om meg: Eg er ein innflyttar frå Byrkjelo i Nordfjord. Eg har to små ungar, ein gut og ei jente. Etter to år med mykje fokus på mammapermisjon, skal eg no få prøve meg som lærar i kulturskulen i Molde, på teaterlinja. Er veldig glad i å ha besøk, gå på kafe, reise, leike og lage mat!