L(e)ik på scena!

Med “Bartleby – the Scrivener: A Story of Wall-Street" av Melville friskt i minnet frå engelskstudiet, var eg svært nysgjerrig på korleis Jonas Corell Petersen fekk presentert novella frå 1853 som teater. Og her fekk eg skikkeleg bakoversveis! Forykande tempo med fysisk humor kombinert med real scatting og rytmiske seansar prega dramatiseringa frå start. Då Lars Melsæter Rydjord entra scena som likbleike og avmålte Bartleby, Mr. “I would prefer not to”, vart kontrasten til dei utagerande karakterane stor. 

Sidan novella originalt er skrive på engelsk, kunne regissøren by på særprega dialekter og utprøving av saftige uttrykk, og Bartleby sjølv fekk uttrykke seg unaturleg naturleg på romsdalsdialekt: “I foretrekke å IKKJE gjør det”. 
Det var lett å la seg rive med i den oppjazza og dynamiske eksperimenteringa, likevel fekk regissøren fram den depressive undertonen i stykket. Høglytte utrop stilna etter kvart, både på scena og i salen. Kva hadde eigentleg livets teater blitt utan karakterane som lever utanfor normalen? 

Dette er ei moderne tolking av ein klassikar, – på sitt beste! Kom og sjå! 

Peggy.jpg

Peggy Jenset Lous (44) frå Jenset på Otrøya er kantor, frilansjournalist, gardbrukar og firebarnsmor, og arbeider som lektor ved Midsund skule, med undervisningsfaga norsk, engelsk og musikk.