Lilly Valentin liggende.jpg
Astrid Overaa spelte Lilly Valentin både i 2003 og 2018 med stor suksess ved Teatret Vårt

Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune har tirsdag tildelt fylkeskulturprisen 2024 til Astrid Overaa frå Ålesund.

– Overaa har gjort ein formidabel innsats med å setje sitt preg på kulturlivet i Møre og Romsdal, og vi er heilt sikre på at ho kjem til å gjere det i lang tid framover også, seier Jessica Gärtner, leiar i kultur- og folkehelseutvalet.

Prisvinnaren blir vidare omtalt slik:

Astrid Overaa (f. 1956) er skodespelar oppvaksen på Fjelltun i Ålesund, med bakgrunn frå mellom anna barneteater, alvorlege drama, monologar og ulike filmroller, i tillegg til turnear i samarbeid med Teatret Vårt. Ho er også drivar av scena «Teaterfabrikken».

– For sin lange og markante innsats for kulturlivet i Møre og Romsdal er Astrid Overaa ein verdig vinnar av fylkeskulturprisen i 2024 og kultur- og folkehelseutvalet gratulerer, legg Gärtner til.

Ved Teatret Vårt har Astrid Overaa gjort roller i framsyningar som Fru Pigalopp, Lilly Valentin, Da e va lita og Til oss – fra de eldste.  

Teatret Vårt gratulerer Astrid med Fylkeskulturprisen 2024.