Lina Taule Fjørtoft er skodespelar, teaterprodusent og manusutviklar som våren 2016 gjekk ut frå teaterproduksjon og skodespelarfag ved Nord universitet. Ho jobbar både skapande og utøvande innanfor institusjonsteater og i det frie feltet. Etter endt utdanning har ho m.a. vore tilknytta Den Nationale Scene, Det Vestnorske Teateret og Teatret Vårt. 

I 2021 gjesta Lina Teatret Vårt for første gong med den sjølvskrivne produksjonen Hit eit steg, regissert av Ingrid Askvik. 

Hausten 2022 er Lina tilbake på Teatret Vårt som dramatikar og skodespelar i stykket Teaterrotta

 Meir info: linataulefjortoft.com.