
Kornelia Melsæter
Skuespiller
Kornelia Melsæter kjem frå Ålesund og er utdanna musikalartist frå Bårdar Akademiet. Ho fullførte bachelorgrad i skodespelarteknikk og teaterproduksjon ved Nord universitet i 2022.
Sidan endt utdanning har ho arbeidd som skodespelar ved mellom anna Teater Vestland og Unge Viken Teater. Ved Teater Vestland utvikla og framførte ho familieframsyninga Fredrik – musa som samla på solskin. Ved Unge Viken Teater medverka ho i den kritikarroste framsyninga Råte, der ho òg komponerte musikken.
Kornelia er også aktiv i det frie feltet der ho har medvirka i fleire av dei interaktive framsyningene til Tiril Pharo Produksjoner og med sitt eige kompani Sprengt Teater.
På film hadde ho hovudrolla som Trine i Å øve (2023), som fekk internasjonal merksemd og vart vist på fleire festivalar og gjekk på kino i Noreg og Tyskland.
Frå 2011 til 2015 arbeidde ho òg som foajéskodespelar ved Teatret Vårt.