Hopp til innhold
Peer Gynt
Terje Vigen
Eg har ikkje ord
Britt-Marie var her
Nyskjerriper
Husjomfru
Husjomfru
Husjomfru

Kjære publikum,

Det er med stor glede vi no kan invitere til Husjomfru.
Dette er ikkje berre ei ny teaterframsyning – det er ei historie som må forteljast.

Husjomfru byggjer på romanen av Edvard Hoem, den siste i hans store slektskrønike. Gjennom livshistoria til Julie Elisabeth Hoem får vi eit innblikk i eit menneske som levde midt i overgangen mellom gamle og nye tider.

Reisa går frå barndomen på svaberga i Kristiansund, til dagane som husjomfru hos velståande familiar i Bergen, og vidare til det stille rommet der livet går mot slutten. Ho sat ved herskapsbordet, men kjende seg kanskje aldri heilt heime. Det er denne spenninga mellom å vere sett – og likevel oversett – som gjer historia hennar så viktig og rørande.

Det er ei stor kunst å fortelje eit heilt liv med éi stemme. Det gjer skodespelar Anne Wiig med styrke og nærleik. Ho ber historia fram på scena med eit naudsynt menneskeleg nærvær.

I ei tid der mange av oss kjenner på lengsel etter tilhøyrsle, fellesskap og det å bli forstått, håpar eg denne framsyninga kan spegle noko av det som bur i oss alle. Kanskje kan Julie Elisabeth vise oss at eit menneskeliv er like mykje verd, sjølv om det ikkje er det som ropar høgast og er mest synleg.

Teateret finst i møtet mellom menneske – mellom deg i stolen og skodespelaren i scenerommet. Husjomfru er ei påminning om krafta i dei historiene som ikkje alltid har blitt fortalde. Ei påminning om dei små vala, draumane om kjærleik, minna som ber oss vidare – og ikkje minst om verdien av å sjå kvarandre.

Framsyninga, rommet og forteljinga hadde ikkje kome til oss i dag utan fleire viktige bidrag. Jonas Fuglseth har laga eit lysdesign som lever og endrar seg saman været og historia. Sindre Klykken har arbeidd med eit lyddesign som omsluttar både oss og Julie. Kjersti Sandal har laga ei presis og skarp dramatisering. Tusen takk for arbeidet dykkar.

Til slutt vil eg rette ein stor takk til Edvard Hoem. Du har raust og tillitsfullt gitt oss høve til å arbeide med romanen din. Historia om Julie Elisabeth er skriven fram med stor varme og klokskap. Du les menneske på ein heilt særeigen måte. Vi er svært takksame for å få lov til å dikte denne historia vidare i scenerommet.

Kjære publikum, velkomne til ei nær, varm og levande stund i teatret.

Kristian Lykkeslet Strømskag
teatersjef Teatret Vårt

Handlingssammendrag

Året er 1911. Julie Elisabeth Hoem, felemakar Lars Olsen Hoems yngste dotter, døyr på gamleheimen på Nordnes, 75 år gammal. I dødsfallsprotokollen kan ein lese at ho hadde "Ingen Slegtninger og Intet Efterlatt".

Husjomfru fortel om livet hennar. I utgangspunktet er Julie Elisabeth ei ungjente som aldri slår blikket ned, og som vekker oppsikt kvar ho kjem. Men tidene forandrar seg, og menneska blir forandra av tidene. Etter å ha tent i tidlege ungdomsår i fine hus i Christiansund arbeider Julie Elisabeth dei fleste av livsdagane sine som husjomfru hos dei fremste familiane i Bergen. Ho har mange tenarar under seg. Ho inntar måltida ved herskapets bord. Men ho får også erfare at det er stor avstand mellom klassane, og at den privilegerte posisjonen ikkje eigentleg er hennar eigen.

Ut frå eit sparsamt tilfang av historiske fakta løftar Edvard Hoem fram eit kvinneliv i tida før velferdssamfunnet var ein realitet. Husjomfru er romanen om korleis tilfeldige avgjerder får livsvarige konsekvensar, om draumar om kjærleik som aldri vart fullbyrda, men også om eit liv fylt av meining.

Edvard Hoem og Teatret Vårt

Edvard Hoem og Teatret Vårt
Kvinnene langs fjorden program
Britt-Marie var her
Nyskjerriper
Revisoren
Nyskjerriper
Nyskjerriper
Nyskjerriper
Nyskjerriper
Nyskjerriper
Nyskjerriper

EIN FØRSTE PERIODE

Den første framsyninga Teatret Vårt sette opp av Edvard Hoem var Kvinnene langs fjorden. Det kunstnarlege laget bestod av regissør Ola B. Johannessen og scenograf Helge Hoff Monsen, medan Egil Monn Iversen var ansvarleg for musikken.

På scena stod sterke namn som Rønnaug Alten, Marit Grønnhaug, Kirsten Hofseth, Grete Nordrå, Marit Østbye, Per Gjersøe, Kjetil Egge, Finn Schau, Knut Walle og Knut Ørvig. Kvinnene langs fjorden hadde urpremiere 27. november i Molde, og heile 50 framsyningar vart viste rundt om i Møre og Romsdal.

I 1978 stod Jeppe på Berget av Ludvig Holberg på plakaten. Edvard Hoem stod for omsetjinga til nynorsk. Dette var òg den første produksjonen han samarbeidde om med Henning Mankell, som hadde regien, og Henning Sommerro, som var ansvarleg for musikken.

Seinare skulle desse tre møtast i fleire produksjonar ved Teatret Vårt.

Sangen uti øyå av Henning Mankell hausten 1978 var basert på tekstar, dialogar og songar om kystbefolkninga i fylket frå byrjinga av førre hundreåret og fram til femtitalet. Edvard sitt bidrag var teksten til songen Stormvarsel.

Hausten 1979 var det igjen tid for ei av teateret sine minneverdige framsyningar, Der storbårda bryt av Edvard Hoem. Pål Løkkeberg hadde regien. På scena stod ein ny generasjon skodespelarar som Per Egil Aske, Knut Ørvig, Svenn B. Eriksen, Jan Ø. Wiig, Terje Hartviksen, Sylvia Salvesen, Sigrid Huun, Morten Borgersen og Vivi Sunde. Desse skulle på ulikt vis prege Teatret Vårt framover i fleire tiår.

Revisoren av Nikolaj Gogol vart spelt hausten 1981. Regien var ved Janken Varden. Edvard Hoem stod for omsetjinga til nynorsk.

Same arbeidet gjorde Edvard i 1982 med framsyninga Katta i sekken av Ariano Suassuna, med Eli Rygg som regissør.

Neste bidrag frå Edvard Hoem kom i 1986, då han stod for omsetjing av manus til Det tause skriket av Lotte Møller.

Seinsommerdansen av Brian Friel stod på programmet hausten 1991. Edvard hadde òg her ansvaret for omsetjinga.

Tusen år – ein sommardag, eit spel for Veøy av Edvard Hoem, er det mange som hugsar. Det kunstnarlege laget bestod av instruktør Ola B. Johannessen, scenograf Helge Hoff Monsen og musikk ved Henning Sommerro.

Urpremieren var på Veøy onsdag 3. juni 1992, og framsyninga var Teatret Vårt si gåve til Molde kommune i samband med byen sitt 250-årsjubileum.

Hausten 1997 var det igjen tid for omsetjingsarbeid, no med Romeo og Julie av William Shakespeare. Sergej Zjenovatsj hadde regi, medan landsmannen hans, Youri Galperin, var scenograf.

TIDA SOM TEATERSJEF

Edvard Hoem tok over som teatersjef, og den første oppsetjinga hans var kyrkjeoperaen Jesu siste dagar, som vart skriven i samband med to tusenårsjubileet for kristendommen. Edvard skreiv sjølv teksten, medan Henning Sommerro var ansvarleg for musikken. Daniel Bohr hadde regien, og Arne Nøst gjorde sitt inntog på teatret som ansvarleg for scenografi og kostyme.

Kvinnene langs fjorden skuespillere
Britt-Marie var her
Nyskjerriper
Revisoren
Nyskjerriper
Nyskjerriper
Nyskjerriper
Nyskjerriper
Nyskjerriper

I kyrkjeromma stod dyktige skodespelarar som Lars Øyno, Lasse Kolstad, Ingeborg Hungnes, Ståle Bjørnhaug, Gøril Haukebø, Turi Tarjem, Elisabeth Lindland, Mads Jørgensen og Randolf Walderhaug.

Vårsesongen inneheldt òg framsyningane Brenn draumane mine på Callaos rei av Torvald Sund, med Yngve Sundvor som regissør.

I april vart klassikaren Frøken Julie av August Strindberg sett opp, med Hanne Lindbæk, Turi Tarjem og Randolf Walderhaug på scena.

Reknesparken Sommarteater fekk si første premiere med Å temje trollet av William Shakespeare. Premieren var 15. august 1998, og Edvard stod for omsetjinga.

På den nye scena i byparken stod skodespelarane Bjørn Sundquist, Hanne Lindbæk, Gøril Haukebø, Morten M. Faldaas, Jørgen Langhelle, Randolf Walderhaug, Lars Funderud Johannessen, Anna Guttormsgaard, Bendik Østbye Johannessen, Rune Temte, Jonas Kippersund, Rune Hekkelstrand og Christian Greger.

Hausten 1998 vart avslutta med Prinsen og pryleguten av Torvald Sund og Knut Anders Vestad, omarbeidd av Edvard Hoem.

Meir Shakespeare vart det våren 1999, no med Kjøpmannen i Venezia, teateropera etter William Shakespeare av Egil Monn-Iversen og Edvard Hoem. Premieren var 18. mars i Parken kulturhus i Ålesund.

Sommaren 1999 var det igjen klart for ein stor produksjon i Reknesparken Sommarteater i Molde. Edvard gjendikta Richard III av William Shakespeare. Regien var ved Hilda Hellwig. Scenograf var Arne Nøst, og Milja Salovaara var kostymedesignar.

Endå ein gong var scena inntatt av gode skodespelarar som Sven Nordin, Bjørn Jenseg, Randolf Walderhaug, Liv Steen, Lars Funderud Johannessen, Gøril Haukebø, Vivi Sunde, Anna Guttormsgaard, Jan Hårstad, Kalle Øby, Bendik Østbye Johannessen, Christian Greger, Rune Temte, Johanna Zwaig, Lasse Bergan-Skar og Heine Lossius.

Hundedagar av Stig Amdam innleidde eit variert program som leia fram mot haustens storproduksjon.

Urpremieren var i Vågøy kyrkje 31. oktober 1999, og framsyninga vart spelt både hausten 1999 og våren 2000. Då var det Den fyrste song. Eller: Evas pilegrimsferd, eit mysteriespel av Edvard Hoem. I framsyninga fekk publikum møte nye skodespelarar som skulle setje sitt preg på Teatret Vårt i ein periode framover.

Edvard avslutta perioden sin som teatersjef ved årsskiftet 1999/2000.

Så vart det nokre års opphald før den gode venen hans, Henning Mankell, kom tilbake til Teatret Vårt med framsyninga Lampedusa hausten 2007. Tekst og regi var ved Henning, medan Edvard hadde omsett manuset til norsk. Medverkande var Vivi Sunde, Terese Mungai og Svein Solenes. Norgespremieren var i Rauma kulturhus på Åndalsnes 17. september, og framsyninga var seinare på turné med Riksteatret.

Kvinnene langs fjorden skuespillere
Britt-Marie var her
Nyskjerriper
Revisoren
Nyskjerriper
Nyskjerriper
Nyskjerriper
Nyskjerriper
Nyskjerriper

NY STORDOMSTID

Kristian Lykkeslet Strømskag, som er noverande teatersjef, har i repertoaret sitt søkt etter dei nære historiene henta frå lokale forfattarar. Edvard Hoem sitt forfattarskap var naturleg å gripe fatt i. Først ut kom suksessen Slåttekar i himmelen av Edvard Hoem. Dramatiseringa stod Kristian Lykkeslet Strømskag for.

Bentein Baardson hadde regien, og framsyninga hadde speleperiodar i Møre og Romsdal og Oslo. Urpremieren var på Det Norske Teatret 7. mars 2020.

Begge teatra bidrog med skodespelarar som Jon Bleiklie Devik, Heidi Gjermundsen Broch (Oslo)/Kjersti Botn Sandal (Møre og Romsdal), Sara Fellman, Bjørnar Lisether Teigen, Julie Støp Husby, Svein Roger Karlsen, Unn Vibeke Hol og Andreas Koschinski Kvisgaard.

Meldingane var svært begeistra.

«Edvard Hoems medrivande og menneskelege forteljing om menneskes slit, strev og draumar har funne ein verdig veg til scena», skreiv VG (5). «Det stillferdige og det storslagne møtest i ‘Slåttekar i himmelen’, ei teaterframsyning som fører nær historie nærare», var dommen i Dagbladet (5).

Aftenposten (5) skreiv: «Den første i Edvard Hoems romansyklus om den norske utvandringa til Amerika er blitt ei openberring som teater i Bentein Baardson sin gjennomført stilreine regi.» Dagsavisen (5) omtala framsyninga som «Skarpslipt og skjebnetung», medan Klassekampen skreiv «Lågmælt og vakkert».

30. august 2024 var det igjen tid for ein stor produksjon basert på Edvard Hoem si slektskrønike. Jordmor på jorda av Edvard Hoem vart dramatisert av Morten Borgersen og Kristian Lykkeslet Strømskag.

Edvard Hoem si tippoldemor, Marta Kristine Nesje, gjekk i 1821 den lange vegen frå Romsdal til Christiania for å bli jordmor, medan tre barn og mannen hennar, Hans Nesje, venta på henne heime. Etter ni månader på jordmorskule gjekk ho heim att og var i livets teneste i meir enn femti år.

Skodespelar Kjersti Sandal hadde hovudrolla, og Romsdals Budstikke gav framsyninga terningkast fem med følgjande omtale: Sandals nærvær er imponerande. Ho ber framsyninga, godt hjelpt av eit særs solid ensemble: Bjørnar Lisether Teigen, Sara Fellman/Anette Sissener Amundsen, Vidar Sandem, Vivi Sunde, Lars Melsæter Rydjord og Sigmund Njøs Hovind.

No er det Husjomfru, basert på den siste romanen i Edvard Hoem si slektskrønike, som skal formidlast. Skodespelar er Anne Wiig.

I 1911 døyr Julie Elisabeth Hoem på gamleheimen på Nordnes. I protokollen står det: Ingen slektningar. Inkjes etterlate. Likevel rommar livet hennar ei heil verd.

Basert på Edvard Hoems roman Husjomfru blir historia om felemakar Lars Olsen Hoems yngste dotter løfta fram. Julie Elisabeth var ei stolt og urokkeleg kvinne som levde midt i skiftet mellom gamle og nye tider, før velferdssamfunnet tok form, då eit kvinneliv lett kunne forsvinne i stilla.